Hårberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hårberget (sam. Hoalbmavarri) er ein jamn avrunda fjellkolle på 399 moh. ved Sandtorg i Harstad kommune. Størstedelen av topplatået og fjellet ligg i Harstad kommune, medan den vestlege delen av Hårberget ligg i Tjeldsund kommune i Nordland fylke.

Det samiske namnet tyder «Holmfjellet», men det norske namnet kjem truleg av Horgberget. Horg (bergknoll, bergtorp) kjem av det gammalelnorske ordet horgr, og har dermed truleg òg gjeve namnet til bygda Hårvik på vestsida av fjellet[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.sandtorgsidene.net/historie/haarberget.htm

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.