Sandtorg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandtorg
stad
Sandtorg.jpg
Sandtorg ca. 1895

Foto: Thorstein Brændmo

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Harstad
Postnummer 9430 SANDTORG
Innbyggjarnamn sandtorging
Wikimedia Commons: Sandtorg

Sandtorg er ei bygd ved Tjeldsundet i Harstad kommune med ca 300 innbyggjarar. Viktigaste arbeidsstad er Rødskjær industriområde der SIVA driv produksjon av plastbåtar. Ved den over 220 år gamle handelsstaden ligg eit hotell og campingplass. Sandtorg grensar mot fylkesgrensa til Nordland i sør og nabobygda Haukebø i nord.

Sandtorg kommune 1926 - 1964[endre | endre wikiteksten]

Sandtorg var tidlegare eigen kommune med Harstad som administrasjonsstad. Kommunen grensa mot byskiljet i nord og fylkesgrensa til Nordland i sør. Han vart oppretta som eigen kommune i 1926, då han vart skilt ut frå Trondenes kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slått saman med Harstad og Trondenes til den nye storkommunen Harstad.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Sandtorg kommune frå 1930 til 1964:

1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[1]
4224 5072 5394 7081 7512

Sandtorg prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Sandtorg prestegjeld vart oppretta med eige sokneprestembete i 1956. Sandtorg kyrkje ligg i Sørvik, 20 km nordom bygda Sandborg.

Sandtorg bygdetun[endre | endre wikiteksten]

Sandtorg bygdetun ligg ved Sandtorg kyrkje i Sørvik. Bygdetunet er ei samling av lokale bygningar — dei eldste stammar frå 1700-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå