Hårklemme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike hårklemmetypar.

Hårklemme eller hårspenne er ei lita klemme, klype eller spenne som kan festast i hår og brukast til å halda på ein frisyre, hårlokkar eller berre som pynt.

Hårklemmer kan vera av metall, tre eller plast, med dekorasjonar av mange fleire materiale. Dei kan ha ulike former og festemekanismar. Nokre er laga som doble hårnåler (fliseklemmer), andre kan ha glatte sider som klemmer fast om håret, eller dei kan ha kamtenner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]