Frisyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hårfrisyrar for menn frå 1884.

Frisyre viser til ulike former ein kan ha hår og skjegg i. Nokre hovudformer av frisyrar er langt hår, kort hår, flette, hestehale og dreadlocks. Skjeggvekst ulike stader kan reknast som kinnskjegg, bart og til dømes fullskjegg eller fippskjegg. Ein kan endra frisyre gjennom klipping, barbering, forming med ulike hårpleieprodukt, endring av hårfarge og anna. Ein frisyre kan vera eit viktig teikn på identitet og status. For mange kan han ha hovudfunksjon som pryd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtid[endre | endre wikiteksten]

Sumerisk statuett av mann med skjegg og krølla langt hår med midtskill.
Egyptisk gravmåleri som viser hårfrisyrar frå det 18. dynastiet.

Frisert hår er kjend sidan antikken. Sumerisk gullsmedkunst frå gravfunn i Ur i Mesopotamia viser til dømes statuettar av kvinner og menn med store parykkar pynta med juvelar og kunstferdig krølla og frisert hår. Egyptisk bildekunst frå gravkammer viser forseggjorte fletta frisyrar frå dei første dynastia, og parykkar kom tidleg i bruk. Frå det 12. dynastiet (ca. 1900 f.Kr.) viser gravutstyret store hår-ornament av gull og edelsteinar. Fyrstar og rangspersoner barberte hovudet og bar store krølla parykkar. Menn var som oftast glattbarberte, men kongene brukte eit fastbunde lausskjegg saman med dei rikt utforma seremonielle parykkane.

Veggmåleri frå Kreta i den egeiske kulturkrinsen viser kompliserte frisyrar heilt frå ca. 2000 f.Kr. Menn har langt, krølla, olja og voksa hår, ofte med nett, og var som oftast glattbarberte. Fyrstar har håroppsetningar med gull og påfuglfjører. Kvinnefrisyrane er rikt utforma med lange, slangeliknande krøller, hestehale eller høge chignonar, pannehår av rett oppståande, voksa krøller, hårband, diadem av gull og spiralringar som fletteband.

Tidlege greske frisyrar, mellom anna frå Mykene, minner om dei kretiske. Vasemåleri frå arkaisk tid viser frisyrar med orientalsk preg, der hår og skjegg er langt og kunstferdig krølla. Kvinnene bar lange, lokka frisyrar med band og diadem. Etter persarkrigane gjekk grekarane vekk frå orientalsk mote. I staden hadde krigarar og atletar ein kort, lokka frisyre og var glattbarberte. Filosofar i klassisk og hellenistisk tid kunne ha langt hår og skjegg. Kvinnefrisyrane var relativt enkle, med rett nedhengjande halvlange krøller eller fletter, i klassisk tid og seinare med enkelt oppsett hår, midtskill, knute i nakken, hårband og spinkle diadem. Hårnåler, nett av gull eller silke, falske lokker og farga hår blei brukt.

Romersk kvinne med bølga hår. Byste frå første hundreåret f.Kr.

Glattraking var vanleg i Romarriket. Ein går ut frå at det blei innført i Roma frå 300-talet f.Kr. og heldt seg på moten fram til keisar Hadrian (76–138) innførte eit kort skjegg. På 300-talet innførte keisar Konstantin igjen ein glattrakt mote. Romerske bad hadde også ei mengd barberar, og både menn og kvinner kunne bruka ein del av dagen i frisørsalongar og venleiksinstitutt. Krølltonga kom i bruk, oljer og pomadar var vanlege, og ein farga hår, særleg raudt. I tidleg keisartid var det vanlig å pudra håret med gullstøv, særleg i fyrstelege krinsar. Parykkar av blondt, germansk hår var sterkt ettertrakta, og ei viktig germansk handelsvare, ifølgje Plinius. Kvinnefrisyrane var sterkt krølla, det vil seia fletta eller bølgja med krølltong, og blei sett opp i kunstferdige former med band, perler, nåler, kammar og diadem og innsett med parfymeoljer.

I den bysantinske kulturen var det vanleg med en blanding av orientalske og gresk-romerske frisyrar. Dei var kjenneteikna av ein rik bruk av edelsteinar og gull, som er kjend frå dåtidas biletkunst i mosaikkar og fresker.

Germanarane var kjende for sitt lange hår og skjegg og sin ville, ufriserte utsjånad, men Tacitus fortel at dei heldt håret under saksa til ein viss grad. Den såkalla sveberknuten, ein kunstferdig fletta og knytta lokk på den eine sida av hovudet, er kjend både frå romersk bildekunst og frå eit myrfunn frå Eckernförde.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderske pasjar med pasjehår.

Europeiske jenter i mellomalderen hadde gjerne langt, utslått eller fletta hår, medan gifte kvinner dekte det til. På 1300-talet blei flettene lagt i ringar kring øyrene. Frå midten av 1300-talet kunne håret samlast oppe på hovudet og forma som turbanar, kremmarhus eller horn og pynta med lett stoff. Desse oppsetjingane, kjende som hennin, var særleg utbreidde i den fransk-burgundiske kulturkrinsen. Italienske kvinner kunne ha enklare frisyrar, gjerne besatt med nett eller perleband. På 1500-talet blei håret heilt eller delvis dekt av nett eller lue.

Menn hadde høvesvis kort hår og bar skjegg. Frå midten av 1500-talet blei skjegget stussa spisst og håret halde kortare. Ca. 1600 til ca. 1650 kom bartar og fippskjegg på mote, og begge kjønn bar skulderlangt, krusete hår. På slutten av 1600-talet og første halvdelen av 1700-talet brukte ein fontange, hårpynt av band, kniplinger og anna med namn etter hertuginna av Fontange.

Karikatur av ulike parykkar.

Rundt 1650 tok ein i bruk allongeparykkar, som var høge og hadde lange lokkar. Desse parykkene hadde naturleg hårfarge, men i tida kring 1700 blei dei fortrengt av kvit, pudra parykk. Ca. 1730 blei lokkene samla i ein pung av svart taft. Frå ca. 1750 bandt ein krøllene saman med ei svart sløyfe (piskeparykk). Damer pudra håret eller bar kvit parykk gjennom størstedelen av 1700-talet. Frisyren var først lågt oppkjemma frå pannen, men voks i 1770- og 1780-åra.

Jentefrisyrar frå ca. 1900 med pannelugg.

Mot slutten av 1700-talet sløyfa ein pudder og parykk, og håret hang i lange lokkar nedover skuldrene. Menn gjekk med langt hår. Håroppsetjinga i revolusjonstida var enkel. I empiretida fekk damene frisyre etter klassisk mønster, ofte med lokker ved tinningane og diademer til festbruk. Det lange mannshåren forsvann. Under sein-empiren blei håroppsetjinga høg og pynta med kammar. I 1830-årea var håret først skilt i midten og hadde hengekrøller, seinare blei det glatt, med lokker ved øyrene og samla i nakken. Frå siste halvdel av 1800-talet hadde menn for det meste kortklipt hår. I 1860-åra fekk damefrisyren chignon (fransk, eigentleg 'nakke'), hårpung i nett, som regel laushår. Dette forsvann i 1880-åra og frisyren blei sett opp med knute i nakken. Pannehår blei moderne. Etter kvart blei knuten flytta heilt opp på hovudet med stramt oppstroke nakkehår, og håret blei vridd til ein vertikal rull frå nakke til isse.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Frisøren «Mr. Kenneth» og modell i 1962.

Frå slutten av første verdskrigen spreidde kort hår for kvinner seg, såkalla cutting og bobba hår. I mellomkrigstida kom langt hår på moten att, og permanent slo gjennom for alvor. Etter andre verdskrigen dominerte stjerner som Marilyn Monroe og Doris Day med krølla, lyst hår.

I slutten av 1950-åra innførte den britiske frisøren Vidal Sassoon ein heilt ny klippeteknikk. Blankt, velklippa kort hår blei den store moten, i stil med minimoten til Mary Quant. Midt i 1960-åra introduserte Beatles lang pannelugg for unge menn, og på same måte som då hippierørsla rundt 1970 lanserte langt hår for menn, blei frisyren eit synleg teikn på avstandstaking frå rådande verdinormer i samtida. Punkhår med skrikande fargar og taggete klipp oppstod rundt 1980. Stilen var opphavleg eit antimotefenomen, men fekk snart tyding for den etablerte frisørmoten i ei mjukare utforming. Tekniske utviklingar innan permanent, farging, bleiking, striper og anna opna for rik variasjon av frisyrar som særleg var merkbar frå 1980-åra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Frisyre» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. mai 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]