Høgskulen for grøn utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgskulen for grøn utvikling (HGUt), tidlegare Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB), er ein offentleg godkjend privat høgskule driven som ei sjølveigande stifiting. Han held til på Bryne i Rogaland.[1]

Skulen har fokus på landbruk, nærings- og bygdeutvikling, og tilbyr mellom anna bachelorutdanning i nyskaping og regenerativ samfunnsutvikling.[1]

Høgskulen opna i 2005. Han bytta namn frå HLB til HGUt 31.12.2019.[1] Rektor ved HLB er dr. philos Dag Jørund Lønning.[2]

Skulen er organisert som eit andelslag, og er eigd av bedrifter og organisasjonar i landbruket, lokalt og regionalt. HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn.[treng kjelde]

Frå 2010 har høgskulen hatt tilbod om den einaste Bachelorutdanning i bygdeutvikling i Noreg. I tillegg har ein tilbod om årsstudiar innan Handlingskompetanse, Landbruksøkonomi og leiing, Husdyrproduksjon, Nyskaping og Hest i næring. Skolen driv og forskingsarbeid og internasjonal utveksling/samarbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Historia til HGUt – HGUt, henta 22. mai 2020 
  2. Dag Jørund Lønning – HGUt, henta 22. mai 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]