Bryne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bryne
Tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Time
Areal 5,35 km²
Folketal  11 569 (2015)
Folketettleik 2 162 / km²
Postnummer 4340 BRYNE
Preposisjon Bryne
Wikimedia Commons: Bryne

Bryne er ein by og tettstad i Time kommune i Rogaland fylke. Bryne ligg om lag 30 minutt med tog langs Jærbanen sørover frå Stavanger. Bryne har 11 569 innbyggjarar (2015). Ein del av det tilgrensande tettbygde arealet i Klepp kommune, Kåsen, vert rekna med til tettstaden Bryne.

Namnet «Bryne» kjem frå norrønt brún ('kant, skrent') og -vin ('eng').

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bryne voks opp som ein stasjonsby rundt Time Station langs Jærbanen, som vart opna i 1878. Staden vart eit senter for handel, industri, økonomi og etter kvart utdanning. Av ulike institusjonar vart bedehuset Saron opna her i 1878, Jæderen Meieri og Jæderens Uldvarefabrik i 1898, meieriskule i 1906, og Rogaland Landsgymnas i 1924.

I 1921 vart det ved folkeavstemming bestemt at Time Station skulle endre namn til «Bryne». Bryne voks fort til å verta den største tettstaden på Jæren.

2001 blei Bryne ein by.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Den lokale fotballklubben Bryne FK rykka ned frå 1. divisjon i 2016, og vil i 2017 spela i 2. divisjon.

Rosseland Ballklubb speler i 3.divisjon.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kinobygget på Bryne er Storstova.

1. oktober 2004 vart Fritz Røed-parken opna i parkområdet kring Mølledammen i Bryne sentrum. Parken har fleire skulpturar av kunstnaren Fritz Røed, som voks opp på Bryne.

I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Det skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne Garborg og Hulda Garborg sine tankar og visjonar. Målet er å inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og senteret skal vera ein sosial møteplass.

I 2015 opna Mellombels ølstove, ein utestad som fungerer både som konsertscene og pub.

Folk frå Bryne[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]