Høgsteretten i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Supreme Court of the United States
US Supreme Court.JPG
Type Høgsterett
Hovudkontor One First Street, NE, Washington, DC 20543
Medlemmer 9
Nettstad supremecourt.gov

Høgsteretten i USA er den øvste føderale domstolen i USA. Han har mynde til å tolka og avgjera spørsmål om føderale lovar, mellom desse den amerikanske grunnloven. Domstolen har ni dommarar som blir utnemnd på livstid av den amerikanske presidenten med løyve frå Senatet. Høgsterettsjustitiarius, med tittelen Chief Justice, er leiaren for heile det amerikanske domstolsapparatet.

Dommarane i den amerikanske høgsteretten i oktober 2010:
Bak frå venstre: Sonia Sotomayor, Stephen G. Breyer, Samuel A. Alito, and Elena Kagan. Framme frå venstre: Clarence Thomas, Antonin Scalia, høgsterettsjustitiarius John Roberts, Anthony Kennedy og Ruth Bader Ginsburg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Høgsteretten har grunnlag i artikkel III i den amerikanske grunnloven, som seier at «[t]he judicial Power of the United States, shall be vested in one supreme Court, and in such inferior Courts as the Congress may from time to time ordain and establish.» Domstolen blei skipa i 1789 og verka frå 2. februar 1790. Domstolen hadde ingen eigen bygning og hadde lite prestisje.

Høgsterettsbygningen[endre | endre wikiteksten]

Nærbilde
Foto: Ken Hammond/US Department of Agriculture

Domstolen har sete i Washington, D.C., hovudstaden i USA. Den novrande høgsterettsbygningen blei bygt mellom 1932 og 1935 etter planar av arkitekten Cass Gilbert.[1] Den klassiske korintiske arktitekturstilen blei vald fordi han harmoniserte best med dei nærliggjande kongressbygningane. Teikningane la vekt på stilling til domstolen og den dømande makt som ei likeverdig og uavhengig grein av styresmaktene i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]