Anthony Kennedy
Anthony Kennedy | |
![]() | |
Fødd | 23. juli 1936 (86 år) Sacramento |
Yrke | jurist, dommar, advokat, universitetslærar, politikar |
Anthony Kennedy på Commons |
Anthony McLeod Kennedy (fødd 23. juli 1936 i Sacramento i California i USA) er ein amerikansk jurist. Han er tidlegare domar ved Høgsteretten i USA. Han vart utnemnd av president Ronald Reagan og tiltredde den 18. februar 1988. Han gjekk av i 2018.
Kennedy studerte ved Stanford University frå 1954 til 1958, og vart uteksaminert med ein bachelorgrad i statsvitskap, etter å ha hatt sitt siste studieår ved London School of Economics. Deretter studerte han ved Harvard Law School, der han vart utdanna jurist i 1961. Kennedy arbeidde så i ein privat praksis i San Francisco mellom 1961 og 1963. I 1963, etter at faren døydde, tok han over faren sin advokat-praksis i heimbyen Sacramento, der han var fram til 1975. Mellom 1965 og 1988 var Kennedy tilsett som professor ved McGeorge School of Law ved University of the Pacific.
Etter at Sandra Day O'Connor trekte seg frå Høgsteretten, var Kennedy den såkalte vippestemma, altså dommaren som av og til røysta med dei liberale dommarane, og i Kennedys tilfelle, mest stemma med dei konservative dommarane. Særleg i avgjerder om likekjønna ekteskap var stemma til Kennedy viktig.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Anthony Kennedy» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2018.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ David S. Cohen (30. juni 2015): It's Justice Kennedy's World, and We're All Just Living in It. Rolling Stone Magazine
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |