John Roberts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Roberts
Official roberts CJ.jpg
Fødd 27. januar 1955, Buffalo i New York
Verv Høgsterettsjustitiarius i USA
Periode 2005-
Føregjengar William Rehnquist
John Roberts på Commons

John Glover Roberts jr. (fødd 27. januar 1955) er ein amerikansk jurist som sidan 2005 har vore justitiarius i den amerikanske høgsteretten.

Roberts vart fødd i Buffalo og voks opp i Indiana. Han graduerte frå Harvard i 1979. Frå 1980 til 1981 var han praktikant for høgsterettsdommar William Rehnquist. Han arbeidde for Ronald Reagan-regjeringa, frå 1981 til 1982 som spesialrådgjevar til generaladvokat William French Smith og frå 1982 til 1986 som assisterande juridisk rådgjevar til presidenten. Då han vart nominert til høgsteretten var han dommar ved den føderale appellretten for District of Columbia.

Roberts vart nominert av president George W. Bush 19. juli 2005 til å bli dommar i høgsterett. Før senatshøyringane var kome i gang, vart Roberts nominert til å bli høgsterettsjustitiarius etter at William Rehnquist gjekk bort 3. september 2005. Senatet godkjende Roberts si utnemning 29. september 2005. I ein alder av 50 år vart han den yngste høgesterettsjustitiariusen på over 200 år.