Hønserasen dorking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein sølvgrå dorkinghane.

Dorking er ei engelsk hønserase med svært lang historie. Ein trur rasen stammar frå høns som kom til dei britiske øyane med romarane rundt 54 år før vår tidsrekning. Namnet kjem frå det engelske grevskapet Dorking i Surrey, England.

Rasen er brukt for det meste på grunn av kjøtkvaliteten. Dorking er ein av dei tyngste tamhønsrasene og har godt, lyst kjøt. I tillegg er hønene stabile og gode verparar og har god rugelyst. Rasen er roleg og lett å temje. Dorkinghøns trivst best i mildt og relativt tørt klima, og er kjenslevar for kulde. Fleire andre raser har blitt avla fram ved bruk av Dorking, mellom anna dei vanlege rasene Faverolle og Sussex.

Dorking legg kvite egg som veg om lag 55 g. Hønene veg 3-4,5 kg, medan hanane kan vege mellom 4,5 og 6 kg.

Dvergvarianten av rasen er òg framavla i England. Hønene veg om lag 900 g, medan hanane veg rundt 1 kg. Dei legg kvite egg på om lag 35 g.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

  • Kvit
  • Gråstripa
  • Sølvgrå
  • Mørkegrå
  • Raud