Egg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fugleegg)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Egg (fleirtyding).
Denne frosken har nett lagd ei mengd egg.

Egg er den kvinnelege kjønnscella ved tokjønna forplanting blant dyr. Hos dei fleste pattedyra skjer dette inne i kroppen til hoa, men hos andre dyr skjer dette utanfor kroppen i form av egglegging.

Dyr som legg egg er mellom anna alle fuglar og kloakkdyr og mange fiskar, amfibie, reptil, insekt og edderkoppar.

Egg som mat[endre | endre wikiteksten]

Eitt hønseegg og to vaktelegg.
Foto: Markus Nolf

Egg er næringsrike og blir etne av mange dyr, mellom anna menneske, som føretrekk fugleegg og fiskerogn.

Spesielt hønseegg blir sett som eit nyttig næringsmiddel av dei fleste ikkje-veganarar. Egg frå andre fuglar, som til dømes vaktel, vert i mange land sett som ei delikatesse.

Vegetariske eller ikkje?[endre | endre wikiteksten]

Egg som blir brukte i matlaging er som regel ikkje befrukta, ettersom verpehøns i vestlege land blir haldne i eggfabrikkar utan hanar. Det er altså berre den kvinnelege kjønnscella, og ikkje eit kyllingfoster, som blir ete, jamvel om ein somme tider kan høyra ei vandrehistorie om at «nokon» har funne ein halvferdig kylling inni eit egg. I land der høns er frittgåande saman med hanar kan ein derimot ikkje garantera at egga er ubefrukta., og mange vegetarianarar held seg unna dei.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.