Hopp til innhald

Høyreluren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høyreluren
Forfattar(ar)Leonora Carrington
Språkengelsk, fransk
Utgjeven1974

Høyreluren (orig. The Hearing Trumpet) er ein roman Leonora Carrington frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus. Høyreluren er ei fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen. Ali Smith har kalla boka «ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret». Høyreluren blei gitt ut på norsk i 2022 (Samlaget) i Gunstein Bakke si omsetjing og med etterord av Susanne Christensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]