Hopp til innhald

Gunstein Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunstein Bakke

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd30. mars 1968 (58 år)
Grendi
YrkeForfattar
Periode2000-
PrisarEUs litteraturpris
DebutKontoret

Gunstein Bakke (fødd 30. mars 1968 i Grendi i Bygland)[1][2][3] er ein norsk forfattar. Han debuterte med romanen Kontoret i 2000.

Han er utdanna cand.mag. med fransk, idéhistorie og litteraturvitskap.[4]

Bakke var saman med Eirik Ingebrigtsen initiativtakar og redaktør av antologien Respons 22/7 i 2011.[5]

I 2011 vart han nominert til Brageprisen for Aud og Maud. Ein roman om trafikk.[6] Året etter fekk han Melsom-prisen[7] og European Union Prize for Litterature[8] for boka.

Gjendiktingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakke har gjendikta Alle med lunger kopla saman av Juliana Spahr i 2008 og Det er en sang, det er en sang av Maḥmūd Darwīsh i 2009.[4] I 2012 kom gjendiktinga hans av Polyfem forvandla og Meisteren Ma av finlandssvenske Willy Kyrklund i ei dobbelutgjeving.[9] Same året kom også Skake av Carolyn D. Wright på norsk i hans gjendikting.[10]

Bakke arbeider også med dramatikk og har vore knytt til Propellen Teater i Trondheim. Monologen Stemmehøyrarane #3 vart framført i Trondheim i 2007.[4]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2000 – Kontoret
  • 2005 – Den indre olding
  • 2011 – Maud og Aud : ein roman om trafikk

Diktsamlngar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2012 – Murskueteknikkane
  • 2012 – Bok av tre

Gjendiktingar

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Gunstein Bakke (f. 1968)». Kristiansand Folkebibliotek. Henta 7. november 2011.
  2. ↑ Agderposten: «Forfattere samles» s. 36. 19. februar 2010
  3. ↑ «Gunstein Bakke (30.03.1968)». forfatterkatalogen.no. Henta 17. februar 2016.
  4. 1 2 3 «GUNSTEIN BAKKE (1968-)». Nettstaden gyldendal.no. Henta 7. november 2011.
  5. ↑ «Respons 22/7». oktober.no. Henta 7. november 2011.
  6. ↑ «Nominerte 2011». Nettstaden til Brageprisen. Henta 7. november 2011.
  7. 1 2 ««Melsomprisen 2011 går til Gunstein Bakke»». samlaget.no. 10. oktober 2012.
  8. 1 2 «Norway: Winning author: Gunstein Bakke». euprizeliterature.eu. Henta 7. januar 2013.
  9. ↑ «Willy Kyrklund - POLYFEM FORVANDLA OG MEISTEREN MA». Nettstaden samlaget.no. Henta 7. november 2011.
  10. ↑ «CD Wright Skake». Nettstaden til Samlaget. Henta 7. januar 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]