Hülegü khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hülegü khan
Hulagu Khan.jpg
Fødd1217
Død8. februar 1265
DødsstadMaragheh
MorSorghaghtani Beki
FarTuluj
EktefelleDoquz Khatun
BarnAbaqa, Tekuder, Q23684592

Hülegü (12178. februar 1265) var ein mongolsk hærleiar og khan for Ilkhanatet. Han regjerte frå 1253 til 1265 over eit område som omtrent tilsvarer dagens Iran og Irak.

Hülegü var son av Tolui khan og Sorghaghtani beki og soneson av Djenghis khan. Nokre av brørne hans var Kublai og Möngke khan.

Hülegü og krigarar til hest.

I 1255 gav storkhanen Möngke han ordre om å øydeleggja dei gjenverande muslimske statane i Sørvest-Asia. I 1256 overvann han dei frykta assassinarane, som gav seg utan kamp. I 1258 kom han til Bagdad, hovudstaden til Abbasidekalifatet. Etter ei omleiring blei byen erobra og fleire titals tusen av innbyggjarane, medrekna kalifen, drepne. Etter bøner frå Dokuz khatun, favorittkona til khanen som var kristen, blei kristne innbyggjarar skåna.[1]

Hülegü fortsette vestover til Syria, der han velta ayyubidestyret, og Egypt, der hæren hans blei overvunnen av mamelukkane i 1260. Etter nederlaget drog Hülegü tilbake til kjerneområdet sitt i austre Iran. Resten av livet var han oppteken av indre strid i Det mongolske riket der slektningen hans Berkhe, khan over Kipchak-khanatet, var hovudmotstandaren.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Runciman, Steven. A history of the Crusades. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hülegü khan