Det mongolske riket
Det mongolske riket (mongolsk Mongolyn Ezent Güren, mongolsk kyrillisk Монголын эзэнт гүрэн) var til mellom 1200- og 1300-talet, og var det nest største riket i historia etter det britiske imperiet.[4] Riket oppstod på dei sentralasiatiske steppene, og spreidde seg frå Sentral-Asia til Japanhavet og Stillehavet, sørøstover inn i Kina, nordover inn i Sibir, sørvestleg inn i det iranske høglandet, og vestover inn i Levanten og dei ukrainske og russiske steppene. Riket varte frå 1206 til 1368. På det største strekte det seg over 35 millionar km² og omfatta meir enn 100 millionar menneske. På høgda si strekte riket seg frå Sibir i nord til Vietnam og Omanbukta i sør og frå Korea i aust til Polen i vest.[5]
Mongolriket sameinte ulike mongolske nomadestammar under ein khan, Djengis Khan, som blei erklært herskar over alle mongolar i 1206. Under Djengis Khan og etterkomarane hans voks riket kraftig ved hjelp av invasjonar i alle retningar. Det enorme transkontinentale riket knytta aust og vest saman gjennom den mongolske freden, og førte til at handel, teknologi, varer og ideologier spreidde seg på tvers av Eurasia.
Riket byrja å vakla då Djenghis Khan sine barnebarn blei usamde om kongerekka skulle gå gjennom sonen hans Ögödei eller andre av sønene hans som Tolui, Dsjagatai eller Jotsji. Tilhengjarane til Tolui vann etter ein blodig maktkamp, men usemja fortsette. Etter at Möngke Khans døydde valde rivaliserende kurultai - mongolske råd - ulike etterfølgjarar, brørne Ariq Böke og Kublai Khan, som ikkje slost seg i mellom gjennom Tolui-borgarkrigen, men fortsette å møta motstand frå andre etterkomarar av Djengis Khan. Kublai Khan kom sigrande ut av maktkampen, men splittinga fortsette då Kublai utan hell forsøkte å gjenoppretta kontroll over Ögödei- og Tsjatagai-fraksjonane. Det førte til at Kublai Khan formelt stod som den øvste khanen av mongolriket som herskar over Mongolia og Kina, medan 3 av brørne hans styrte kvar sin del av riket som khanar i sin eigen rett.
Slaget ved Ayn Jalut i 1260 markerer den største utbreiinga til riket, men var også det første tapet mongolane hadde på slagmarka. Sjølv om mongolane sende fleire invasjonsstyrkar inn i Levanten, utførte raid og plyndringstokt så langt vest som Gaza, og vann eit avgjerande slag ved slaget ved Wadi al-Khazandar, trekte dei seg ut av regionen av geopolitiske årsaker i 1299.
Då Kublai Khan døydde i 1294 sprakk Mongolriket opp, og dei 4 khanata blei ståande som fire sjølvstendige khanat eller rike: Den gylne horden i nordvest; Dsjagatai-khanatet i vest; Ilkhanatet i sørvest; og Yuan-dynastiet med hovudsete i dagens Beijing i aust. Yuan-dynastiet blei styrta i 1368 og etterfølgd av Ming-dynastiet. Etterkomarane til Djengis fortsette å styra Mongolia etter at riket fall.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Mongolriket blei kalla «Ikh Mongol Uls» (ikh: stor, uls: stat - ergo «Den store mongolske staten»). I 1240-åra skreiv Güyük Khan eit brev til pave Innocens IV der han refererte til staten som Dalai (store/oseaniske) Khagan av den store mongolske staten («ulus»).
Etter arvefølgjekrigen mellom Kublai og broren hans Ariq blei makta til Kublai avgrensa til den austlege delen av riket. Kublai erklærte seg som kinesisk keisar og kunngjorde gjennom eit keisarleg edikt den 18. desember 1271 det nye namnet på landet: «Store Yuan» («Dai Yuan», eller «Dai Ön Ulus»). Visse kjelder hevdar at det fulle mongolske namnet var «Dai Ön Yehe Monggul Ulus».
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Temüdsjin, seinare best kjend som Djengis Khan, var stamfaren til alle herskarane av Mongolriket og Yuán-dynastiet. Han var son av Yesügei, stammehøvding for kiyadane — ein av dei mange stammane i det oppsplitta Mongolia. I ung alder mista han faren, somblei vart forgifta av menn frå ein rivaliserande stamme. Temudsjin voks deretter opp i usle kår med mora og søskenet sitt; etter at Yesûgei var død blei familien ignorert og overlaten til seg sjølv. Men Temudsjin hadde arva viljestyrken og evnene til far sin, og i vaksen alder lykkast det han å samla fleire stammar rundt seg i kampen mot fiendane sine. Etter mange års borgarkrig sigra Temüdsjin, og tok herskartittelen Wang Khan. Han utarbeidde og fekk skrive ned ein lov for alle mongolar, kalla Jassa, og kravde at denne blei følgd til punkt og prikke.
Temüdsjin følgde opp med angrep på andre stammar i området og utvida stadig makta si. Ved hjelp av ein kombinasjon av diplomati, organisasjonsevne, militær dugleik og brutalitet klarte han det nær utenkelege, å sameina alle dei mongolske stammane til eitt folk. Under eit khuriltai (eit rådsmøte for dei mongolske høvdingane) blei han gjeven tittelen «allherskaren» (Djengis Khan).
Invasjoner og det mongolske verdensrike
[endre | endre wikiteksten]Dsjengis-Khan sameinte dei rivaliserande mongolsk-tyrkiske nomadestammane under sitt overherredøme og styre i år 1206 ved hjelp av politisk manipulasjon og militærmakt. Han kom hurtig i konflikt med Jin-dynastiet til jursjenarane og det vestlege Xixia-dynastiet til tangutane i nordlege Kina, og førte hærstyrkar mot dei. Xixia blei knust og underlagt mongolane, og Jin-staten blei svekka. Etter provokasjonar frå det muslimske Khwarezmid-imperiet drog Dsjengis-Khan også inn i Sentral-Asia, utsletta Khwarezmia (som strekte seg inn i det nordlige Persia), og drog deretter vidare på hærtokt inn i Kievriket (ein forløper til dagens Russland, Kviterussland og Ukraina) og Kaukasus. Før Djengis Khan døydde hadde han delt det veldige riket sitt mellom sønene og den nære familien sin. Men som sedvanen gjorde klart, blei heile riket verande felles eigedom for heile den keisarlege familien, som danna den herskande klassen saman med det andre mongolske adelskapet.
Under Ögödei blei Mongolriket kraftig utvida mot vest, ved at hærstyrkane hans erobra dei nordlege delar av Persia, Kaukasus, Ukraina og Russland. Mongolske styrkar var på veg til å også erobra Sentral-Europa då Ögödei døydde, men generalane til mongolstyrkane trekte styrkane tilbake til Mongolia for å delta i valet av ny khan. I aust blei det nordlege Kina erobra (Jin-riket og Korea). Under Möngke sørgde broren hans Hülegü for erobringa av resten av Persia og Mesopotamia (1255–58). Erobringa av resten av Midtausten blei gjeven opp då mongolane lei nederlag ved eit slag mot dei egyptiske mamelukkane ved Ayn Jalut i Levanten i 1260.
Deling av riket i fire
[endre | endre wikiteksten]Il-khanatet blei etablert med Hulegu som Il-Khan og Tabriz i Nord-Persia som hovudstad. Dei tre andre khanata var Den gylne horden (Russland og Ukraina) og Dsjagatai-khanatet (Sentral-Asia) og Kublai Khan-khanatet i aust.
Først i 1277 blei også det sørlege Kina underlagt ved at Song-riket blei erobra, og heile Kina var no under mongolane. I 1279 etablerte Kublai Khan Yuan-dynastiet etter kinesisk mønster. Han såg no på seg sjølv som kinesisk keisar, og i mindre grad mongolsk khan.
Etter at Kublai Khan døydde blei Mongolriket svekka av indre konfliktar om makta, og gjekk gradvis i oppløysing. Khanen til Det austlege khanatet mista overherredømmet over resten av Mongolriket, og dei 4 khanata levde vidare, stadig meir svekka, kvar for seg. Den siste mongolkeisaren i Yuan-dynastiet i Kina blei styrta i 1368, etter uro og kampar heilt sidan 1356
Leiarar
[endre | endre wikiteksten]Mongolriket var leia av ein stor-khan.
- Djengis khan (1206–1227)
- Ögödei khan (1229–1241)
- Güyük khan (1246–1248)
- Oghui Qaimish (regent 1248-51), kona til Güyük
- Möngke khan (1251–1259)
- Kublai khan var formelt stor-khan i tida 1260–1294
- Togon-temür[6] var formelt stor-khan i tida 1333–1368
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Etter at Möngke Khan døydde i 1259 var ingen by einaste hovudstad. Dadu (Khanbaliq), i dagens Beijing, var hovudstad for Yuan-dynastiet mellom 1271 og 1368.
- ↑ Morgan. The Mongols. p. 5
- ↑ Jonathan M. Adams, Thomas D. Hall og Peter Turchin (2006). East-West Orientation of Historical Empires.Journal of World-Systems Research (University of Connecticut). 12 (no. 2): 219–229.
- ↑ http://list25.com/25-largest-empires-in-history/
- ↑ «Mongolriket». Store norske leksikon. Henta 25. august 2019.
- ↑ Togon-temür. Britannica.com. 2019-08-25
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Allsen, Thomas (1994). «The Rise of the Mongolian Empire and Mongolian Rule in North China». I Denis C. Twitchett; John King Fairbank. The Cambridge History of China: Volume 6, Alien Regimes and Border States, 710–1368. Cambridge University Press. s. 321–413. ISBN 978-0-521-24331-5.
- Lane, George (2006). Daily life in the Mongol empire. Westport, Connecticut: Greenwood Press. ISBN 978-0-313-33226-5.
- Denne artikkelen bygger på «Mongolriket» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juli 2021.