Haakon O. Wika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haakon O. Wika
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juli 1899
Vega
Død

11. februar 1981 (81 år)
Vega

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Haakon Olsen Wika (1. juli 189911. februar 1981) var ein norsk gardbrukar, byråkrat og politikar frå Vega kommune i Nordland, som 1937-49 representerte ArbeidarpartietStortinget.

Wika var son til ein gardbrukar og fiskar. Sjølv dreiv han fiske frå 1913 til -20. Der etter gjekk han Volda middelskule 1920/21 og Treiders handelsskule i Oslo 1923. Sidan var han gardbrukar heime på Vega og tidvis både likningssekretær, formannskapssekretær, forretningsførar i Vega trygdekasse og frå 1925 til 1938 heradskasserar i Vega.

Frå 1929 var Wika medlem i kommunestyret i Vega, ordførar 1948-65. Han var stortingsrepresentant frå Nordland for Arbeidarpartiet 1937-49. På Stortinget var han perioden 1945-49 medlem i Administrasjonskomiteen. Dei to åra 1964-65 var han ordførar for fylkestinget i Nordland. Elles var han medlem i Sosiallovkomiteen av 1937 og Brannlovkomiteen av 1947. Han var òg styremedlem 1961-72 i Naturskadefondet.

Wika var mykje interessert i historie og skreiv mellom anna tre band Vega bygdebok som kom ut i tida 1961–77. Han vart i 1976 tildelt Nordland fylkes kulturpris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]