Habitat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Habitatet til svartbak.
Det oppstykka habitatet til afrikansk elefant.

Habitat (av latin habitare, '[det] bur') er den konkrete staden der ei levande organisme (enkeltvis eller i samfunn) lever og utviklar seg. Omgrepet blir ofte brukt delvis synonymt med biotop, som ein i skandinavisk og tysk tradisjon bruker om ei overordna eining som inneheld fleire habitat. Felles for omgrepa er at ein brukar dei om eit konkret leveområde for organismar der levevilkåra er definert gjennom ulike miljøfaktorar.

Habitat kan påverkast av biotiske og abiotiske faktorar. Dei biotiske faktorane kan til dømes vera tilhøvet mellom ulike artar og korleis dette påverkar bestanden deira i habitatet. Viktige abiotiske faktorar er geologi og klima.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.