Hopp til innhald

Hadeikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hadeikum
Kunstnarisk framstilling av den hypotetiske planeten Theia som kolliderer med jorda.
Kunstnarisk framstilling av jorda og månen i midten/slutten av hadeiukum.
Kronologi
Følgd avarkeikum
Etymologi
SynonymPriscoan Period
Harland et al., 1989
Informasjon om bruk
HimmellekamJorda
Regional brukGlobal (ICS)
Definisjon
Kronologisk einingEon
Stratigrafisk einingEonothem
Fyrst føreslått avPreston Cloud, 1972
TidsspannformalitetFormelt
Lågare GSSA ratifisertOctober 5, 2022[1][2]
Øvre grense definisjonTi eldste U-Pb zirkon-aldrane
Øvre grense GSSALangs Acastaelva i Nordvestterritoria i Canada
65°10′26″N 115°33′14″W / 65.1738°N 115.5538°W / 65.1738; -115.5538
Øvre GSSA ratifisert2023[3]

Hadeikum er det geologiske eonet før arkeikum. Perioden startar då jorda vart danna for 4,6 milliardar år sidan og enda for om lag 3,8 milliardar år sidan, men sistnemnde varierer noko i forskjellige kjelder. Namnet «hadeikum» kjem frå Hades, namnet på underverda i gresk mytologi, og viser til tilhøva som var på jorda i denne perioden. Geologen Preston Cloud gav namn til uttrykket i 1972, og meinte å nytte det om perioden før dei fyrste kjende bergartane oppstod på jorda. W. B. Harland kom seinare med eit uttrykk for nesten same tidsperiode, den priskoiske perioden. Eldre bøker og tekstar referer til eonet som prearkeikum.

Hadeikum
4567.3–4031 million år sidan
4500 
4000 
3500 
3000 
2500 
2000 
1500 
1000 
500 
0 
 
 
 
Vertikal akseskala: Millionar år sidan

Sidan det er få geologiske spor frå denne perioden på jorda finst det inga offisiell inndeling. Innanfor hadeikum har ein derimot fleire kjende tidsperiodar på månen, og desse vert stundom uoffisiellt nytta om same tidsperiodar på jorda.

Bergartar frå hadeikum

[endre | endre wikiteksten]

Dei siste tiåra av 1900-talet klarte geologar å finne nokre få hadeiske bergartar vest på Grønland, nordvest i Canada og i Vest-Australia. Dei eldste kjende bergartane, Isua-grønsteinen, består av sediment frå Grønland datert til å vere rundt 3,8 milliardar år gamle, men dei er noko endra av vulkanske gangar som trengde inn i steinen etter dei vart sett av. Individuelle zirkonkrystallar i sediment i Vest-Canada og Jack Hills-området i Vest-Australia er mykje eldre. Dei eldste zirkonkrystallane ein har funne er om lag 4,4 milliardar år gamle[4] — ikkje lenge etter ein meiner jorda vart til.

Sedimenta på Grønland inkluderer lægje med lagdelte jernrike bergartar. Desse inneheld kanskje organisk karbon og det inneber at fotosyntetisk liv kanskje allereie hadde oppstått på denne tida. Dei eldste kjende fossilane (frå Australia) er nokre hundre millionar år yngre.

Det seine tunge bombardementet skjedde under hadeikum og påverka både jorda og månen.

Atmosfære og hav

[endre | endre wikiteksten]

Det må ha vore ganske mykje vatn i stoffet som forma jorda.[5] Vassmolekyl ville ha forsvunne frå jorda sitt tyngdefelt før planeten fekk ein radius på om lag 40 % av den noverande storleiken, og etter å ha oppnådd denne storleiken ville vatn og andre flyktige stoff vortne verande.[6] Hydrogen og helium er venta å halde fram å leke ut frå atmosfæren, men mangel på tyngre edelgassar i dagens atmosfære tyder på at det skjedde noko katastrofalt i den tidlege atmosfæren.

Ein meiner at då planeten enno var særs ung kolliderte han med ein annan stor planet, og denne samanstøyten skapte månen. Ein slik kollisjon ville ha ført til smelting av overflata i eitt eller to store område. Dagens samansetjing tyder på at det ikkje var snakk om ei total smelting, attåt at det er vanskeleg å smelte og blande store steinmassar heilt.[7] Ein del av steinane må ha fordampa under ein slik samanstøyt og steinane ville ha fordampa inn i atmosfæren rundt den unge planeten. Denne dampen ville ha kondensert i løpet av to tusen år og ville etterlate varme flyktige stoff som truleg førte til tung karbondioksid i atmosfæren med hydrogen og vassdamp. Flytande hav eksisterte trass i at overflatetemperaturen var rundt 230 °C på grunn av det høge lufttrykket til den tunge CO2-atmosfæren. Etter kvart som avkjølinga tok til, førte subduksjon og oppløysing i hava til at det meste av CO2 forsvann frå atmosfæren, men mengdene svinga kraftig etter kvart som ny overflate og mantel vart produsert.[8]

Studiet av zirkonar har vist at det må ha eksistert flytande vatn på tida då dei vart danna, for 4,4 milliardar år sidan, like etter jorda blei danna.[9][10][11] Dette krev òg at det må ha eksistert ein atmosfære.

  • Dineley, D. L. (2000), «Hadean eon», i Paul Hancock and Brian J. Skinner, The Oxford Companion to the Earth., Oxford University Press 
  • Denne artikkelen bygger på «Hadean» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Valley, John W., William H. Peck, Elizabeth M. King (1999) Zircons Are Forever, The Outcrop for 1999, University of Wisconsin-Madison Wgeology.wisc.edu Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine.Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago
    • Wilde S.A., Valley J.W., Peck W.H. and Graham C.M. (2001) Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago. Nature, v. 409, s. 175-178.
    • Wyche, S., D. R. Nelson and A. Riganti (2004) 4350–3130 Ma detrital zircons in the Southern Cross Granite–Greenstone Terrane, Western Australia: implications for the early evolution of the Yilgarn Craton, Australian Journal of Earth Sciences Volume 51 Zircon ages from W. Australia - samandrag Arkivert 2006-07-13 ved Wayback Machine.
  1. Halla, Janna; Noffke, Nora; Reis, Humberto; Awramik, Stanley; et al. (June 2024). «Ratification of the base of the ICS Geological Time Scale: the Global Standard Stratigraphic Age (GSSA) for the Hadean lower boundary». Episodes 47 (2): 381–389. ISSN 0705-3797. LCCN 78646808. OCLC 4130038. doi:10.18814/epiiugs/2024/024002. eISSN 2586-1298. open access
  2. Cohen, Kim (October 11, 2022). «New edition of the Chart - 2022-10». International Commission on Stratigraphy. Henta October 9, 2025. «2022/10 - Hadean: GSSA instated as ratified by IUGS (5-10-2022). The GSSA is 4,567.30 ± 0.16 Ma.»
  3. «Global Boundary Stratotype Section and Points». International Commission on Stratigraphy. Henta October 23, 2025.
  4. Wilde, S. A.; Valley, J.W.; Peck, W.H. og Graham, C.M. (2001) «Evidence from detrital zircons for the existence of continental crust and oceans on the Earth 4.4 Gyr ago» Nature 409: s. 175-178 Samandrag
  5. IngentaConnect Origin of water in the terrestrial planets
  6. History NASA - kapittel 26, arkivert frå originalen 4. januar 2011, henta 17. august 2008
  7. Solar System Exploration: Science & Technology: Science Features: View Feature, arkivert frå originalen 29. oktober 2012, henta 17. august 2008
  8. Inaugural Article: Initiation of clement surface conditions on the earliest Earth - Sleep et al. 98 (7): 3666 - Proceedings of the National Academy of Sciences, arkivert frå originalen 11. mai 2008, henta 17. august 2008
  9. ANU - Research School of Earth Sciences - ANU College of Science - Harrison, arkivert frå originalen 14. mars 2007, henta 17. august 2008
  10. ANU - OVC - MEDIA - MEDIA RELEASES - 2005 - NOVEMBER - 181105HARRISONCONTINENTS
  11. A Cool Early Earth, arkivert frå originalen 16. juni 2013, henta 17. august 2008

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Prekambrium Fanerozoikum  
Hadeikum Arkeikum Proterozoikum