Edelgass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein edelgass er ein gass danna av einskildatom av eit grunnstoff som har eit fullt ytste elektronskal. Ettersom dei ikkje manglar elektron eller har nokon til overs, er edelgassar svært seine til å reagera med andre stoff. Edelgassane er gruppe 18, den bakerste av gruppene i periodesystemet.

Alle edelgassar utanom helium har åtte valenselektron. p-orbitalane som svarer til perioden er fulle. Helium har to valenselektron. Desse fyller 1s-orbitalen.

Det finst om lag 1 volumprosent edelgassar i jordatmosfæren. Den edelgassen det er mest av i atmosfæren vår, er argon.

Edelgassar[endre | endre wikiteksten]