Hafslovatnet

Koordinatar: 61°18′01″N 07°10′15″E / 61.30028°N 7.17083°E / 61.30028; 7.17083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hafslovatnet
innsjø
Hafslovatnet med Lustrafjorden i bakgrunnen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Høgd over havet 169 moh.
Areal 6,56 km²
Kystlengd1 23,98 km
Koordinatar 61°18′01″N 07°10′15″E / 61.30028°N 7.17083°E / 61.30028; 7.17083
Kart
Hafslovatnet
61°18′01″N 7°10′15″E / 61.30028°N 7.17083°E / 61.30028; 7.17083
Wikimedia Commons: Hafslovatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hafslovatnet er ein innsjø som ligg ved Hafslo i Luster kommune. Hafslovatnet er regulert som magasin for Årøy kraftverk.

Den vestlegaste delen av innsjøen er verna i Hafslovatnet fuglefredingsområde.

Hafslovatnet er eit godt fiskevatn, der ein kan driva sportsfiske etter aure med oter, dorg og stang ved å løysa fiskekort (personar under 18 år treng ikkje fiskekort). Fiskesesongen er frå 1.januar til 30. september. Bruk av båt med motor på inntil 8 hk er lov, med unntak av området Straumavatnet, mellom Straumbrua og Sogebrua. Den siste laurdagen i august vert det kvart år arrangert Hafslo fiskefestival av 10.-klassen ved Hafslo barne- og ungdomsskule, med fiskekonkurranse i sju ulike klassar.

Is på vatnet[endre | endre wikiteksten]

År Første dag med permanent is på heile vatnet Siste dag Dagar med is Kommentar
2020-2021 Romjula 04.04.2021 98 (ca) isen omtrent heilt borte 07.04.2021
2019-2020 26.02.2019 28.03.2020 31
2018-2019 12.12.2018 16.04.2019 125
2017-2018 Romjula 30.04.2018 121 (ca.)
2016-2017 Romjula 14.04.2017 105 (ca.)
2015/2016 Romjula 30.04.2016 121 (ca.)
2014/2015 Romjula 16.04.2015 107 (ca.)
2013/2014 16.01.2014 15.04.2014 89
2012/2013 "i god tid før jul" 20.05.2013 kl 16.19 160 (ca)
2011/2012 31.12.2012 29.03.2012 88
2006/2007   20.01.2007 kl 07.00 -
1989-1990 "isfritt kring årsskiftet" -
1978/1979 - 25.05.1979 (rekord?)
1972-1973 Isfritt i januar
1930-1931 Isfritt i januar
1922-1923 Isfritt nyttårshelga
1860-1861 Isfritt i januar