Hafslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hafslo
tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Luster
Areal 0,35 km²
Folketal 471 (2015)
Folketettleik 1 346 / km²
Postnummer 6869 HAFSLO
Innbyggjarnamn Hafslobygding
Preposisjon Hafslo
Wikimedia Commons: Hafslo

Hafslo er ei jordbruksbygd og ein tettstad i Luster kommune. Den av Statistisk Sentralbyrå definerte tettstaden Hafslo ligg langs Riksveg 55 på nordaustsida av Hafslovatnet og har 471 innbyggjarar per 1. januar 2015, medan bygda Hafslo har ei vidare utstrekking. Hafslo var òg fram til 1963 eigen kommune. Bygda grensar til Sogndal kommune, med ein avstand til bygdebyen Sogndal på halvanna mil. Landskapet er mildt og ber preg av breerosjon med eit stort brevatn, Hafslovatnet, som breen har grave ut. Mange brearmar av Jostedalsbreen, med Austerdalsbreen på Veitastrond som den mest kjende, gir godt smeltevatntilsig via Veitastrondsvatnet i sommarhalvåret. I dag renn vatnet ut i den kjende lakseførande Årøyelva i Sogndal kommune, men har i tidlegare tider hatt utløpet sitt i Solvorn.

Hafslo
Hafslo og Hafslovatnet

Bygda har hatt den største folkeauken i kommunen. Kraftkommunen har full barnehagedekning og ein desentralisert godt utbygd skulestruktur. Sogn skisenter på Heggmyrane er eit viktig aktivitetstilbod i bygda.

Språkforskaren Sylfest Lomheim kjem herfrå.

Hafslo sokn og prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Hafslo er òg namn på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. og det var fram til 2004 namnet på eit prestegjeld. Hafslo prestgjeld omfatta i tillegg til Hafslo sokn òg Solvorn sokn. Det ligg tre kyrkjer og eit kapell i det tidlegare prestgjeldet, den mest kjende av dei er Urnes stavkyrkje som står på verdsarvlista til UNESCO og er eigd av Fortidsminneforeninga. Dei andre kyrkjene er Hafslo kyrkje som står på nordsida av Hafslovatnet og er frå 1878, Solvorn kyrkje som står i Solvorn ved Lustrafjorden og er frå 1883 og Veitastrond kapell som vart vigsla i 1935. Med unntak av Veitastrond har alle kyrkjestadane hatt kyrkje frå attende i mellomalderen. Fram til 1967 høyrde òg sokna Fet og Joranger til Hafslo prestegjeld, men då vart dei overførde til Jostedal prestegjeld og slegne saman til eitt sokn, Fet og Joranger sokn.[1]

Hafslo kommune[endre | endre wikiteksten]

Hafslo vart skipa som formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen femnde då Ytre Kroken, Ornes og Kinsedal på austsida av Lustrafjorden og Solvorn, Ytre Hafslo, Veitastrond, Indre Hafslo (Molland, Fet, Joranger og Marifjøra) og Eikum vestom Lustrafjorden.[2] Hafslo kommune hadde denne utstrekkinga fram til kommunesamanslåinga i 1963 då Hafslo, Jostedal og Luster kommune vart slegne saman til den nye storkommmunen Luster kommune. Ved samanslåinga budde det 2384 personar i Hafslo kommune.[3]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Hafslo kommune frå 1920 til 1963:

1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1963[3]
2862 2813 2872 2776 2457 2384

Arkiv frå Hafslo kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
  2. «Kommunehistoria i Luster» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  3. 3,0 3,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Hafslo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]