Hagen Melzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagen Melzer
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 16. juni 1959
Bautzen
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1988 Summer Olympics – men's 3000 metres steeplechase, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's 3000 metres steeplechase

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Hagen Melzer (fødd 16. juni 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bautzen i dåverande Aust-Tyskland. Han vart europameister 1986 i 3 000 meter hinder, året etter vann han sølvmedaljen i same øvinga i verdsmeisterskapen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Melzer gjorde det kunststykket å få nøyaktig same tid i hinderløpet under EM 1982 og VM 1983, tida 8.21,33 gav fjerdeplass i EM og ellevteplass i VM. I den neste europameisterskapen, i Stuttgart i 1986, vann han spurten mot italienske Francesco Panetta og vesttyske Patriz Ilg. Året etter sprang Melzer i VM-finalen i Roma sitt beste hinderløp nokon gong og sette nasjonal rekord med tida 8.10,3, han var likevel sjanselaus mot nemnde Panetta, som tok gull og Melzer sølv.

Melzer vart austtysk meister i 3 000 meter hinder i 1980, 1983 og 1985-89. I 1991 vart han tysk meister i øvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]