Haicheng i Guangxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Haicheng 海城市 er ein by og eit byfylke i byprefekturet Anshan aust i provinsen Liaoning i det nordlege Kina. Folketalet i byfylket var på 1,09 millionar i 1999.[treng kjelde]

Jordskjelvet i Haicheng 1975[endre | endre wikiteksten]

Den 4. februar 1975 vart Haicheng ramma av eit jordskjelv på 7,0 i momentmagnitude (eller 7,3 på Richtersskalaen). Byen hadde då rundt éin million innbyggarar. I følgje dei kinesiske styresmaktene hadde seismologar sendt ut åtvaringar om jordskjelvsfaren ein dag i førevegen, og det vart gjeve ordre om evakuering av byen. At dyr oppførte seg uvanleg medverka til at evakueringsordren i stor grad vart følgd, og evakueringa var fullført fem og ein halv time før jordskjelvet kom.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!