Haitam Aleesami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleesami i Göteborg-drakt

Haitam Aleesami (fødd 31. juli 1991) er ein norsk fotballspelar frå Oslo. Han er sideback og har åra 2015-20 spelt 31 landskampar for Noreg.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Aleesami fekk sin seriedebut med Holmlia SK i ein av dei lågaste divisjonane i seriesystemet. Frå 2010 til august 2012 spelte han på nivå tre med Skeid, eit anna oslolag. Deretter gjekk han over til Fredrikstad FK, ein klubb som då var med i eliteserien. Frå 2015 var han IFK Göteborg-spelar, saman med mellom andre landsmannen Thomas Rogne vann han den svenske cupfinalen 17. mai då Göteborg sigra 2-1 over Örebro SK. I august 2016 vart Aleesami overført til italienske Palermo FC, der han den fyrste sesongen spelte i Serie A, sidan to sesongar i Serie B. 2019/20-sesongen gjorde han teneste i fransk toppfotball med Amiens SC. I oktober 2020 skreiv han kontrakt med russiske FK Rostov.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Aleesami debuterte for Noreg i EM-kvalifiseringskampen 10. oktober 2015 mot Malta. Dei neste fem åra var han jamt eit fyrsteval på venstebacken. 8. oktober 2020 spelte han sin 31. landskamp, utan å ha skåra mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]