Hadj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hajj)
Gå til: navigering, søk
Islam
Mosque02.svg
Dei fem søylene
sjahádah (trusvedkjenning)
salah (bøn)
zakát (almisser)
ramadán (fastemånaden)
hadj (valfart til Mekka)

Pilegrimar ved Kaba Hadjpilgrim i Mekka, vend mot Kaba.

Hadj (òg stava hajj eller haj (arabisk حج) er nemninga på muslimane si pilegrimsferd til Mekka. Hadj er ei av dei fem søylene i sunni-islam og ei av ti hovudsøyler i sjiaislam. Kvar muslim som har råd og helse til å fare, må gjere ei pilegrimsferd til Mekka minst éin gong i levetida si.

Pilegrimane går 7 gonger rundt Kaba, deretter går dei 7 turar mellom Safa og Marwa.

Styresmaktene i Saudi-Arabia gjev ut særlege innreisevisum til utlendingar i samband med pilegrimsferda. Ferda finn stad i månaden dhu al-hijjah etter islamsk kalender.

Heile byen Mekka er rekna som ein heilag stad innan islam, og ikkje-truande har ikkje tilgjenge til byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hadj
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.