Hallefjorden

Koordinatar: 62°11′2.7276″N 5°34′2.3592″E / 62.184091000°N 5.567322000°E / 62.184091000; 5.567322000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hallefjorden er ein 10 kilometer lang fjord langs kommunegrensa mellom Vanylven og Sande kommune på Sunnmøre. Fjorden går langs sørvestsida av Gurskøya og nord for Brandalsstranda.

Fjorden har innløp i nordvest mellom Marøyna i vest og Hallebygda i aust og går først sørover. Rett sør for Marøyna ligg Åramsundet som går vest til Haugsfjorden. Like sør for Åramsundet ligg Åram og tvers over fjorden ligg bygda Larsnes. Mot Sørbrandal dreiar fjorden austover. Bjørlykkja ligg på sørsida av fjorden. Fjorden endar mellom Koparneset i sør og Årvika i nord. Mellom desse to stadane er det ferjesamband. Den største djupna i fjorden er 360 m.

Vidare austover ligg Rovdefjorden, medan Syvdsfjorden strekkjer seg sørover frå Koparneset.

Riksveg 61 går på Gurskøysida av fjorden, medan Fv2 går langs sør- og vestsida.

62°11′2.7276″N 5°34′2.3592″E / 62.184091000°N 5.567322000°E / 62.184091000; 5.567322000