Haugsfjorden i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugsfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Vanylven og SandeSunnmøre. Han er om lag 5,5 km lang og 2 km brei. Fjorden ligg mellom Hakallestranda i sør og Kvamsøya, Storholmen og Haugsholmen i Sande kommune i nord og vest.

Fjorden strekkjer seg frå Åramsundet i nordaust og går over i Vanylvsfjorden i sørvest. På andre sida av Åramsundet ligg Hallefjorden. Den største djupna i fjorden er 83 m. Turistskip som går inn nord for Stad og inn Vanylvsgapet, Haugsfjorden, Rovdefjorden og vidare Vartdalsfjorden, kan oppleve ein samanhengande fjord heilt inn til Geiranger.

Koordinatar: 62°11′44.246″N 5°26′27.524″E