Halvemål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over halvemål (H-dropping) i engelske dialektar.

Halvemål er eit lingvistisk fenomen som går ut på at ein ikkje uttaler h-ar i framlyd framfor vokal (typisk i starten av ord).[1] Til motsats kan ein leggja til ein h-lyd først i ord som byrjar med vokal, som ei form for hyperkorreksjon. Eit ord som «halvpart» blir til dømes uttala «alvpart», medan ved tillagt h blir til dømes «ete» til «hete».

Fenomenet er utbreidd i engelske dialektar frå England og Wales.[2] Det finst også i svenske dialekter og i norsk mest frå Sunnmøre og delar av Nordfjord, Sunnfjord og Nordhordland.[1] I nokre språk er bortfall av h blitt ein del av standardspråket, som i fransk.

Eit humoristisk døme på halvemål finst i musikalen My Fair Lady, der cockneyen Eliza Doolittle berre uttaler h-en i eit ord som ikkje byrjar med h: «In 'Artford, 'Ereford, and 'Ampshire, 'urricanes 'ardly hever 'appen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «halvemål», i Store norske leksikon.
  2. Collins, Beverley; Mees, Inger M. (2002). The Phonetics of Dutch and English (PDF) (5 utg.). Leiden/Boston: Brill Publishers. s. 296.