Halvor Torjusson Skjerkholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Torjusson Skjerkholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1809
Holt kommune
Død

22. februar 1874 (64 år)
Holt kommune

Yrke politikar
Språk norsk

Halvor Torjusson Skjerkholt (27. august 180922. februar 1874) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder.

Far hans var gardbrukar i Holt. Sjølv tok han eksamen til underoffiser i Kristiansand i 1838, og stod i militær teneste til han var fanejunker. I 1840 tok han over farsgarden og dreiv den til han døydde. Han var jamt medlem av heradsstyret, ordførar i fleire år.

Skjerkholt representerte Nedenes og Robygdelagets amt på samtlege storting 1851-73. I alle år var han medlem av militærkomiteen, frå 1862 også av Lagtinget. Elles var han 1862-63 medlem av matrikkellovkomiteen og 1864 i komiteen om løn til hæren.

Han døydde på garden sin i Holt i 1874.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]