Hamburger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Ein hamburger.
Hamburgertallerken. Forutan burgeren er der pomme frittes og salat (tomat, sylteagurk, mais og dressing)

Hamburger er både sjølve kjøttet og den ferdige retten som vanlegvis vert servert som to stykke brød med reint, finhakka steikt eller grilla kjøt mellom. Hamburger kan òg serverast som ein open sandwich, med overdelen av brødet ved sida av. Kjøtet består opphavleg av reint, grovkverna storfekjøt, men kan òg bestå av kylling, kalkun, svin, ei blanding av desse, eller til og med fisk. Ein serverar ofte ein hamburger med salat, bacon, tomat, sylteagurk og ulike dressingar. Dei vanlegaste dressingane er sennep, ketchup, variantar av Thousand Island og majones.

Det kverna kjøtet formast til flate kaker som vert steikt på grill eller i panne. Hamburgerbrødet vert skore i to og snittflata vert rista. Den ferdigstekte hamburgeren vert lagt på hamburgerbrødet og vert toppa med garnityr. Hamburgerbrødets øvre del kan serverast ved sida av. Servert på denne måten, etast hamburger med kniv og gaffel. Når «topplokket» vert plassert oppå garnityren, er retten enklare å halda i handa, og kan etast utan bestikk. Hamburgere vert ofte servert med pommes frites. Hamburger laga med osteskiver vert kalla cheeseburger.

Ein slider er ein liten hamburger, vanlegvis ikkje meir enn 7,6 cm i diameter, beståande av to stykke brød med eit stykke steikt eller grilla kjøt mellom. Nokre gonger vert brukt kylling eller fisk.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «hamburger» kjem frå den tyske byen Hamburg, og kan referera til ein person frå Hamburg. I utvida tyding vart ordet etterkvart brukt om andre ting, mellom dei storfekjøtet som stamma frå eller var populært i Hamburg. Opphavleg var kaker av storfekjøt kjent som hamburgerbiff (fyrste gong omtalt i ein amerikansk kokebok i 1891). (Den vart presentert fyrste gong på Verdsutstellinga i St. Louis i 1904) når denne farsekaka vart lagd mellom brødskiver vart namnet hamburgersandwich. På midten av 1900-talet var begge nemningane forkorta til «hamburger» eller beintfram «burger». Ordet har etter kvart vorte eit samlebegrep og vert òg brukt om sandwichar med andre kjøtslag. Det er sannsynleg at ein snack beståande av 'brötchen' (brødrull) fylt med kverna kjøt vart teken med til statane av tyske innvandrarar som vart kalla "hamburgere" etter Hamburger America Line dei segla på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]