Hamish Imlach
Hamish Imlach | |||
Fødd | 10. februar 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kolkata | ||
Død | 1. januar 1996 (55 år) | ||
Dødsstad | Motherwell | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | vise | ||
Instrument | gitar | ||
Plateselskap | Transatlantic Records | ||
Verka som | songar-låtskrivar, gitarist |
Hamish Imlach (10. februar 1940–1. januar 1996) var ein skotsk folkemusikksongar.[1] Imlach var fødd i Calcutta av skotske foreldre,[1] men dei flytta tilbake til Glasgow då han var liten.[2] Han hadde avgrensa kommersiell suksess, men påverka mange andre artistar, ikkje minst John Martyn, Billy Connolly og Christy Moore. Imlach hadde eit godt omdøme i Sentral- og Nord-Europa som ein fengande liveartist.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Imlach hadde den største hitten sin seint på 1960-talet med «Cod Liver Oil and the Orange Juice», ei humoristisk tolking av gospelstandarden «Virgin Mary Had a Little Baby», skriven av Ron Clark og Carl MacDougall.[3] Denne gav tittel til sjølvbiografien hans frå 1992, Cod Liver Oil and the Orange Juice - Reminiscences of a Fat Folk Singer.
Imlach blei beden om å bli med i den irske folkegruppa The Dubliners.[2] Han var ein tidleg aktivist mot atomvåpen,[1] og skreiv og framførte mange protestsongar i tillegg til komiske songar.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Hamish Imlach (XTRA, 1966)
- Before and After (XTRA, 1967)
- Live (XTRA, 1967)
- The Two Sides of Hamish Imlach (XTRA, 1968)
- Ballads of Booze (XTRA, 1969)
- Old Rarity (XTRA, 1971)
- Fine Old English Tory Times (XTRA, 1972)
- Murdered Ballads (XTRA, 1973)
- Scottish Sabbath (Autogram, 1976)
- A Man's a Man (Autogram, 1978) med Iain MacKintosh
- The Sporting Life (Musikiste, 1981)
- Sonny's Dream (Lismor, 1985)
- Portrait (Musikiste, 1989)
- I Was Born in Glasgow (Gallus Music, 1991)
- Two's Company (Vindaloo Music, 1993) med Muriel Graves
- More and Merrier (Lochshore, 1995) med Muriel Graves og Kate Kramer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 641. ISBN 1-85227-745-9.
- ↑ 2,0 2,1 «OBITUARY: Hamish Imlach». Independent.co.uk. 4 January 1996. Henta 25 November 2017.
- ↑ https://www.facebook.com/folkradiouk (29. september 2022), «Watch: The Mary Wallopers - Cod Liver Oil and the Orange Juice», Folk Radio UK (på engelsk), henta 4. juni 2023
- Denne artikkelen bygger på «Hamish Imlach» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2023.