Hammartå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hammartå i den tredje tåa.

Hammartå (av lat. digitus malleus) er ei misdanning i det proksimale interfalangealleddet i den andre, tredje eller fjerde tåa som fører til permanent bøyging på ein slik måte at det liknar ein hammar.[1][2] Klubbetå eller kølletå er ein liknande tilstand som råkar det distale interfalangealleddet.[3][4][5]

Klotå er ein liknande tilstand med dorsifleksjon av den proksimale falang på metatarsofalangealleddet, kombinert med fleksjon av det proksimale og distale interfalangealleddet. Klotå kan ramme den andre, tredje, fjerde eller femte tåa.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Hammartå skuldast ofte tronge sko som tvingar tåa til å bøyge seg, og kan oppstå etter bruk av overdrivne høghela sko eller sko som er for korte eller tronge for foten.[6] Langvarig bøyging av tærna kan føra til at musklane blir kortare, slik at misdanninga oppstår. Det oppstår ofte i kombinasjon med ilk eller andre fotlidingar, og særleg ilkar kan tvinge stortåa innover (hallux valgus) slik at den presser mot dei andre tærna. Det kan også skuldast skade i musklar, nervar eller ledd som fylgje av andre tilstandar, slik som artrose, leddgikt, hjerneslag, Charcot-Marie-Tooths sjukdom, komplekst regionalt smertesyndrom eller diabetes.[1][2][7] Det kan også sjåast ved Friedreichs ataksi.

Korreksjonskirurgi for å rette opp ei hammartå.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Det er ofte tilstrekkeleg med ein kombinasjon av fysioterapi og bruk av mjuke og romslege sko. I meir alvorlege eller langvarige høve kan det vere naudsynleg med kiropodi (hammartåoperasjon) for å rette på misdanninga. Lege kan gje treningsråd som kan bidra til å strekke og forlenge musklane. Slike treningar går typisk ut på å strekke tærna, og bruke dei til å plukke opp gjenstandar frå golvet. I ledige stunder kan ein legge eit handkle under foten og bruke tærna til å krølle handkleet. Det finst også regulering som presser ned tærna slik at musklane blir tvinga ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reikerås, Olav (13. februar 2009). «hammertå». Store Medisinske Leksikon. (sml.no). Henta 27. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Hammertå - råd ved operasjon». Helsenorge.no. Helsedirektoratet. 19. mars 2013. Henta 27. desember 2014. 
  3. E. Borchgrevink, Grethe; Finsen, Vilhjalmur (2010). «Reseksjon i proksimale falang ved hammertå2116–8» (PDF). Ortopedisk avdeling. Tidsskriftet. Henta 27. desember 2014. 
  4. American Academy of Orthopaedic Surgeons
  5. Mayo Clinic, "Hammertoe and mallet toe"
  6. Husøy, Solveig (4. november 2011). «Høye sko kan gi deg «hammertå»». NRK Livsstill. Norsk Rikskringkasting. Henta 27. desember 2014. 
  7. «Hammer toe and mallet toe – causes». Mayo Clinic. Henta 30. januar 2009.