Hampstead Heath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørvestenden av the Heath
Kenwood House i Hampstead Heath.

Koordinatar: 51°33′47″N 0°10′6″W Hampstead Heath (lokalt berre kalla «the Heath») er ein stor, gammal park nord i London i England. Han har eit areal på 3,2 km² og inneheld 25 små dammar, og dessutan gammalt skoglandskap, sump, hekkar og grasmark. Delar av parken har status som verneområde med spesiell vitskapleg tyding.

Parken er eigd av Corporation of London, som òg forvaltar det meste av parken. Kenwood-området (0,5 km²) forvaltast av English Heritage. Det meste av parken (2,8 km²) ligg i bydelen Camden. Dei attverande 0,4 km² blir kalla Hampstead Heath Extension og ligg i bydelen Barnet.

Blant stasjonar nær parken er Gospel Oak og Hampstead HeathNorth London-linja i sør, Hampstead og Golders GreenNorthern-linja i vest, og Highgate og Archway på Northern-linja i nord. Ved den sørlege spissen av parken ligg Lido utandørsbasseng, og nordover nær Highgate er to dammar der symjing er tillate. Andre dammar blir brukt ulikt til fisking, modellbåtar og for dyreliv. Delar av området er kjent som sjekkestad for homoseksuelle menn ved nattetid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hampstead Heath