Hamre kyrkjestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hamre kyrkjestad ligg på garden Hamre i Leikanger i Sogn. Stavkyrkja på Hamre stod nedom der fjøsen til Arne J. Hamre står i dag. Kyrkja hadde kring 1360 inntekt av gardane Indre Hamre, Suppam og Rudsås. Prestebolet på Hamre hadde inntekt frå Hamre, Ytre Hamre (nedre tunet), Ytre Hamre (Øvre tunet), Frekaland, Grinde, Rudsås og Suppam, samt Eldridajord og Helgajord. Dei to sistnemnde gardane er ukjende, og det er mogeleg at dette ikkje var sjølvstendige gardar, men underbruk til andre gardar, til dømes Hamre. Rudsås er truleg garden Rud. Kyrkja på Hamre er ikkje nemnd i jordeboka frå 1598, og det er truleg at ho vart nedlagd ein gong mellom 1563 og 1585.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]