Leikanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°11′8.5452″N 6°48′29.124″E

Leikanger kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Leikanger, Hermansverk
Areal 180 km²
 - land 178 km²
 - vatn km²
Folketal 2 298 (1. januar 2016)
Folketettleik 13 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Jon Håkon Odd (Ap)
Kommunenummer 1419
NO 1419 Leikanger.svg
Wikimedia Commons: Leikanger
Nettstad: www.leikanger.kommune.no
Systrond
Fylkeshuset

Leikanger er ein kommune i Sogn som ligg på nordsida av Sognefjorden. Kommunen grensar til Balestrand i vest, Vik i sør og Sogndal i nord og aust. Leikanger kommune har 2276 innbyggjarar (1. januar 2015[1]), og er administrasjonssenter for Sogn og Fjordane fylke.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden ligg som ei stripe langs fjorden, og er hovudsakleg konsentrert om tettstadene Hermansverk og Leikanger. Desse utgjorde tidlegare to sentrumseiningar om lag 3 km frå kvarandre, med butikkar og publikumstenester på begge stader. I løpet av dei siste tiåra har Hermansverk gradvis overteke som einaste reelle sentrum. Kommuneadministrasjonen ligg i midtbygda, som høyrer til Leikanger tettstad, midt mellom kyrkja og Skrivareiki. Busetnaden elles er samanhangande over dei to stadene med bustadfelt og gardar om kvarandre, og dannar i realiteten ei bygd som vert kalla Systrond. Tilsvarande vert folk frå bygda kalla systrendingar. Tradisjonelt var folk frå Leikanger utaføringar, medan folk frå Hermansverk var innaføringar, og skiljet gjekk ved Skrivareiki i midtbygda, men dette skiljet er borte i dag. Systrond-namnet har ingen offisiell status, men ein finn det att i namna på lag og organisasjonar, slik som Syril (Syrstrond idrottslag), Systrond Sogelag, Systrond Grunneigarlag, Systrond Speidargruppe og Systrond Damekor. SSB nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger som fellesnemning på tettstaden i kommunen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Leikanger er ein betydeleg fruktkommune og er samlingspunkt for mykje av frukthandelen i Sogn. Sognefrukt på Leikanger driv det største fruktlageret i Noreg. Landbruket er hovudsakleg prega av fruktdyrking og sauehald. Leikanger har hovudadministrasjonen i Sogn og Fjordane fylke, og om lag 40 % av innbyggjarane er tilsette i offentleg og privat tenesteyting. Coop Vest har matbutikk (Prix) og byggjevareforretning på Hermansverk. Den allsidige sports- og elektrobutikken Erling Røysum på Hermansverk har vore i drift sidan 1951. På tomta etter den nedlagde sardinfabrikken på Hermansverk bygde Leikanger Sparebank nytt forretningsbygg i 1987. Banken er i dag ein filial av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har underfilialar i Feios og Fresvik. Den tidlegare konservesfabrikken Saften vart bygd om til fleirbrukshall med handlesenter i 2009, og hyser matbutikk (Kiwi), bokhandel, frisør, bibliotek og to klesbutikkar. Sogn Avis og mikrobryggjeriet Balder Brygg held òg til i Saften. Leikanger Næringshage hyser fleire små verksemder, og er lokalisert i det gamle hotellet på Hermansverk. I tillegg til dette finn ein mellom anna bensinstasjon, bilverkstader, gartneri, kiosk og spa i Leikanger kommune.

Offentleg administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane er lokalisert på Hermansverk, med unntak av landbruksselskapet som ligg i Førde og kartverket som ligg i Bergen. Det byrja med at amtmannen i Nordre Bergenhus amt busette seg på garden Nybø i andre halvdelen av 1800-talet. Eit nytt kontorbygg for heile fylkesadministrasjonen, Tinghus 1, vart bygt like aust for kyrkja i 1939. På 50- og 60-talet vart anlegget komplettert med Tinghus 2 og Tinghus 3. Vegkontoret og fylkeskommunen flytte inn i eigne bygg i Askedalen på Hermansverk på 80-talet, medan Fylkesmannen og Skatt Vest flytte inn i nye Statens Hus på Njøs i 2005. Etter eit prøveprosjekt med Norge.no vart Direktoratet for forvaltning og IKT oppretta i 2008, med kontor i Oslo og på Leikanger. Dei offentlege etatane set sitt sterke preg på næringslivet i kommunen, og gjev samstundes grobotn for private tenesteytingsverksemder som Asplan Viak.

Industri[endre | endre wikiteksten]

I 1919 bygde Halvard Drægni ein konservesfabrikk på Hermansverk, som vart overteken av Lerum i 1982. Fabrikken vart ombygd til brusfabrikk i 1993, men vart lagd ned i 1998. Sygna Uldvarefabrik vart starta opp i Hagane på Hermansverk i 1913. Ullvarefabrikken vart overteken av Sandnes Kamgarn Spinneri i 1970, og var i drift til 1982. Ein periode på midten av 1900-talet var det to sardinfabrikkar i kommunen, Viking Sardines på Hermansverk og Sognefjord Sardines på Leikanger. Kring år 1900 var det båtbyggjeri og møbelfabrikk på Henjasanden.

Overnatting og serveringsstader[endre | endre wikiteksten]

I Leikanger kommune finn ein to hotell, Leikanger Fjordhotell[2]Leikanger og Sognefjord Hotel[3]Hermansverk. Ein finn òg ein campingplass, Systrond Camping[4] på Leikanger. På ferjekaien Hella, om lag 15 km frå Hermansverk, finn ein Hella Fjordhytter[5].

Ein kan kjøpa mat på Fjordkroa, som ligg mellom riksvegen og fjorden i Hermansverk sentrum. I Henjatunet[6] driv Marit Henjum Halsnes og Åse Kongsvik med gardsturisme. Dei byr blant anna på heimelaga mat og drikke, mykje basert på eigne råvarer.

Media[endre | endre wikiteksten]

Sogn Avis, Ingvald Husabø Prenteverk og Skald Forlag har hovudkontor på Hermansverk. Tidlegare var det to aviser som kom ut på Systrond, Sogningen/Sogns Avis på Leikanger og Sogn og Fjordane på Hermansverk. Desse vart slegne saman til Sogn Avis frå årsskiftet 1993, som sidan slutten av 90-talet er den største og einaste lokalavisa i Midtre og Indre Sogn. I 2009 flytte avisa og prenteverket frå gamle lokale på Leikanger til nye lokale i fleirbrukshallen Saften på Hermansverk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 55 går gjennom heile kommunen langsetter fjorden. På Hella, lengst vest i kommunen, er det ferjesamband til Dragsvik i Balestrand og Vangsnes i Vik. Hovudsokna Leikanger fekk vegsamband til Sogndal 13. oktober 1937. Vegen fekk endestopp og ferjekai på Grinde i 1938, og vart forlenga til Hella i 1956. Det svært rasfarlege Fatlaberget aust for Hermansverk vart sikra med tunnel i 2008. Ekspressbåtruta mellom Sogndal og Bergen har anløp på Leikanger kvar morgon og kveld.

Sørsida fekk vegutløysing fyrst på 70-talet, Feios i 1971 og Fresvik i 1976.[7]

Kommunesoga[endre | endre wikiteksten]

Leikanger kommune vart oppretta 1. januar 1838, som ein av dei 355 opphavlege landkommunane etter formannskapslovene av 1837. Kommunen var identisk med det gamle Leikanger prestegjeld, og hadde frå starten langt større utbreiing enn i dag: I tillegg til Leikanger sokn høyrde soknene Feios, Fresvik og Vangsnes (i noverande Vik kommune), Tjugum (i noverande Balestrand kommune) og Fjærland (i noverande Sogndal kommune) til Leikanger kommune. I tillegg høyrde Frønningen-godset (i noverande Hauge sokn i Lærdal kommune) og Tingstad ålmenning (i noverande Kaupanger sokn Sogndal kommune) til Fresvik sokn i Leikanger kommune.[8]

1. januar 1849 vart den ytre halvdelen av kommunen (Vangsnes, Tjugum og Fjærland) skild ut som Balestrand komune. 115 år seinare, 1. januar 1964, vart Eitorn-grenda førd attende frå Balestrand til Leikanger, samstundes som Tingstad ålmenning vart lagd til Sogndal. Schei-komiteen kunne ikkje gå lenger i å flytta kommunegrensene midtfjords den gongen, då Feios og Fresvik enno ikkje hadde fått veg, så Leikanger vart ein av to kommunar i Sogn som framleis hadde område på begge sider av Sognefjorden. Etter ei folkerøysting vart sørsida (Feios og Fresvik) overførd til Vik kommune 1. januar 1992, samstundes som Frønningen vart overførd til Lærdal kommune. Etter dette er Leikanger kommune identisk med Leikanger sokn og bygda Systrond.[9]

Leikanger sokn[endre | endre wikiteksten]

Leikanger kyrkje i Sogn

Leikanger er òg namnet på ei kyrkjesokn i Sogn prosti. Sokna har same utbreiinga som kommunen. Det er ei kyrkje i sokna, Leikanger kyrkje frå kring 1250.[10] Sidan 2010 har Leikanger hatt felles kyrkjeleg fellesråd med Sogndal.

Utanom Leikanger kyrkje låg det i mellomalderen tre andre kyrkjer i bygda, på Njøs, Henjum og Hamre[11]. To av desse var truleg stavkyrkjer, medan ein var steinkyrkje. Ein veit ikkje kva tid kyrkjene var bygde, anna enn at dei var bygde før 1360.[12]

Sjå òg:

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Riksaktikvaren har registrert 174 kulturminne i Leikanger kommune. Blant desse finn me fire kyrkjestader, Baldersteinen (Noregs høgste bautastein) og to bygningar, Leikanger prestegard og Sogn politimeistarbustad.

Leikanger prestegard frå 1752 er ein del av utstillinga på Norsk Folkemuseum

Leikanger prestegard[endre | endre wikiteksten]

Leikanger prestegard ligg tett attmed Leikanger kyrkje. Hovudbygningen frå 1912 og fire mindre bygningar er freda. Prestegarden er mest kjend for den innhaldsrike hagen med fleire sjeldne tresortar. Den gamle hovudbygningen frå 1752 vart flytt til Norsk FolkemuseumBygdøy i 1911.

Sogn politimeisterbustad[endre | endre wikiteksten]

Sogn politimeisterbustad i Leikanger er teikna av Riksarkitekten i 1938 og oppførd i 1939/40. Bygningen har vore embetsmannsbustad for politimeisteren i Sogn frå han vart bygd og fram til 1996. Politimeisterbustaden er plassert på ei bratt tomt mellom riksvegen og Sognefjorden. Anlegget består av bustadhus og garasje, som begge vart freda i 2001. Huset er i to høgder: Sokkeletasjen og terrassen er bygd i betong og resten av huset er bygd i tre. Huset er eit sjeldan døme på 30-talsfunksjonalisme utanfor dei større byane i Norge.[13]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Presten og venstremannen Jakob Sverdrup sette på 1880-talet sitt preg på innbyggjarane i kommunen, som tradisjonelt har røysta Venstre. Med framveksten av industrien voks Leikanger Arbeidarlag fram i mellomkrigstida. Desse to partia har tradisjonelt vore jamstore, men Venstre hadde Bondepartiet, Høgre og KrF i ryggen. Dette gav Venstre samanhangande ordførarmakt i minst 40 år, like til Arne Grepstad døydde i ordførarstolen i 1975. Då Venstre vart splitta i 1972 sette dette spor også lokalt, og etter dette festa Arbeidarpartiet grepet som det største partiet i kommunen. Den borgarlege alliansen heldt makta det neste tiåret, men då med Høgre og KrF skiftevis i ordførarstolen. I 1983 fekk Arbeidarpartiet sin fyrste ordførar. Etter ein venstrestyrd periode frå 1995 til 2003, tok ein allianse beståande av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre makta ved valet i 2003, og har styrt kommunen sidan.

Sjå òg:

Kjende systrendingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Leikanger - registrerte i Arkivportalen.no[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.