Hopp til innhald

Handball-NM 1995/96 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1995/96 for kvinner vart vunne av Larvik Håndballklubb gjennom finalesiger 24 – 19 over Gjerpen Idrettsforening.

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]
  • Toten HK – Gjerpen IF 18 – 23
  • Larvik HK – Sjetne IL 21 – 14

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 24. februar 1996 framfor 4 349 tilskodarar. Larvik var det førande laget og leia 12-10 ved pause. Litt ut andre omgang prikka Larvik-skyttarane inn seks mål utan Gjerpen kvitterte. Midtveges i omgangen stod det då 20-12 til Larvik, som sidan styrte kampen inn til seksmålssiger.

Larvik HK sine målskårarar var Cathrine Svendsen (10), Lina Olsson (7), Heidi Flaatnes (3), Kristine Moldestad og Vibeke Nesse (2, begge). Lise Kristiansen var målvakt. Korkje Monica Vik Hansen eller Tonje Larsen kom på skåringslista.

Gjerpen IF sine mål kom frå Anne Brit Skarstein (6), Camilla Thorsen (5), Ann Iren Haugen (3), Siri Eftedal (2), Helene Stamnes (2) og Cecilie Thorsteinsen (1).

Gjerpen vart tildelt 6 og Larvik 4 tominutts-utvisingar av dommarane Ole Jørstad og Rune Forbord.