Cecilie Thorsteinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Thorsteinsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1974 (50 år)
Idrett handball

Cecilie Louise Thorsteinsen (fødd 7. januar 1974) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Rolvsøy i Østfold. Ho vart norsk meister 1993 med Gjerpen IF og 2001/02 med Nordstrand IF. I 1998 vart ho nederlandsk meister med Swift Roermond.

Thorsteinsen var rykkrom-spelar. 16 år gammal melde ho overgang frå Rolvsøy IF til Skjeberg IF, den fremste handballklubben på kvinnesida i Østfold. To år seinare gjekk ho vidare til Gjerpen IF, der ho i desember 1993 var med om å vinne kongepokalen for laget frå Skien. Sesongen 1997/98 spelte ho på Swift Roermond, ein klubb som vann den nederlandske toppserien. Den neste sesongen var Thorsteinsen tilbake i Gjerpen IF, før ho sommaren 1999 skreiv kontrakt med danske Randers HK. Etter to år i Danmark valde ho spel for Nordstrand IF frå hausten 2001. Våren 2002 sikra ho og oslolaget seg kongepokalen med siger 21-18. Sesongen 2003/04 var ho atter Skjeberg-spelar, men skadeproblem førte til at ho slutta vere aktiv i vårsesongen.

Thorsteinsen spelte 22 landskampar for Noreg i tida 1994-2001 og skåra 50 mål. Ho deltok i Handball-EM 2000, ein meisterskap der Noreg hamna på sjetteplass.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]