Cathrine Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cathrine Svendsen
Fødd 23. september 1967
Porsgrunn

Cathrine Svendsen (fødd 23. september 1967), gift Roll-Matthiesen, er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Porsgrunn som som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Ho vart seriemeister med IL Vestar i 1989 og noregsmeister med Larvik HK i 1996. Svendsen, som var høgre rykkrom-spelar, var i si tid den mest hardtskytande spelaren i det norske landslaget.

Svendsen debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Bulgaria den 6. november 1985. I desember 1986 var ho med då Noreg overraskande vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Sidan var ho med å vinne sølvmedalje både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. Ho var norsk toppskårar med seks mål då Noreg på heimebane vann bronsefinalen i handball-VM 1993 mot Romania med 20-19. Svendsen deltok i si siste meisterskaps-turnering då Noreg tapte bronsefinalen 24-25 mot Danmark under handball-VM 1995.

Svendsen spelte 234 landskampar og skåra 921 mål for Noreg. Som klubbspelar melde ho kring 1992 overgang til Lunner IL, og etter 1994 spelte ho mellom andre for franske Boullargues, Larvik HK, Tertnes IL og IF Borg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]