Handball-NM 2012/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2012 for menn vart vunnen av Fyllingen Bergen etter finalesiger 22 – 19 over Elverum Idrettslag.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum dag 30. desember framfor 5 206 tilskodarar. I den fyrste omgangen leia Elverum med 6-3 før Fyllingen snudde til 6-8. Deretter la Bergens-laget på til 10-7 og 13-10, ved pause stod det 14-11. Gjennom godt forsvarsspel førte Fyllingen heile andre omgangen, og styrte kampen inn til triumf og lagets fyrste kongepokal.

Trym Bilov-Olsen skåra 8 mål for Fyllingen og vart mestskårande i finalen. Andreas Gjeitrem stod for 4 nettkjeninngar, Kristian Bjørnsen og Harald Reinkind skåra kvar sine tre mål, Eivind Tangen 2 mål, Espen Holand og Tore Andre Lunde 1 mål kvar. Daniel Bergqvist stod «strålende i målet».

Elverum-måla kom frå Andreas Rönnberg (5), Steffen Stegavik (4), Kjetil Aanestad (4), Magnus Gullerud (3), Lars Nordberg, Eirik Toft og Sigurdur Stefansson, alle 1 mål.

Kenneth Abrahamsen og Arne M.Kristiansen dømde finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]