Handball-VM 1993 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i handball 1993 for menn vart avvikla i dagane frå 9. til 20. mars i Sverige. 16 land deltok i turneringa. Noreg tapte alle tre kampane i gruppespelet og var rangert som nummer 13.

Etter gruppespel og hovudrunde møttest dei tolv beste laga til finalekampar basert på plasseringa i hovudrunda. Vinnarane av dei to hovudrunde-gruppene, Frankrike og Russland gjorde opp om VM-pokalen. Her viste Russland seg som det desidert beste laget og sigra med 28 mot 19 mål. Arrangørlandet Sverige slo Sveits 26–19 i kampen om bronseplassen.

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Globen i Stockholm med 13 000 tilskodarar på tribunane. Svenskane Johansson og Kjellqvist dømde oppgjeret. Ved pause leia Russland 13–11. I den andre omgangen var det klasseskilnad mellom laga. Frå 19–16 auka det russiske mannskapet forspranget til 22–17 og vann til slutt med heile ni mål; 28–19.

Russland sine målskårar heitte Talant Dujsjebajev (6), Vasilij Kudinov (6), Valerij Gopin (5), Andrej Antonevitsj (3), Vjatsjeslav Atavin (2), Dmitrij Karlov (2), Igor Vasiljev (2), Oleg Grebnev (1) og Oleg Kiseljov (1). Andrej Lavrov var målvakt.

Med kvar sine 4 nettkjenningar vart Denis Lathoud og straffeskytaren Stéphane Stoecklin franske toppskårar i finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]