Hanga Roa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 27°09′S 109°26′W
Hanga Roa
by
Hanga Roa Harbour.jpg
Land Flag of Chile.svg Chile
Fylke Påskeøya
Koordinatar 27°09′S 109°26′W
Localización de Hanga Roa en la Isla de Pascua.png
Wikimedia Commons: Hanga Roa

Hanga Roa er hovudstadPåskeøya, som høyrer til Chile. Byen ligg på sørdelen av vestkysten av Påskeøya, i låglandet mellom dei utdøydde vulkanane Terevaka og Rano Kau. Hanga Roa har 3 304 innbyggjarar (2002). 87 % av den totale befolkninga på Påskeøya bur i byen.

Påskeøya blei annektert av Chile i 1888. Gjennom store delar av 1900-talet var store delar av øya leigd ut til Williamson-Balfour Company, som dreiv sauehald her. Innfødde rapanuifolk var utestengde. I 1914 var innbyggjartalet i Hanga Roa berre 250.

Moai-statuar i Hanga Roa.

I dag er turisme, fiske, jordbruk og administrasjon viktige næringsvegar. Dei kjende moai-statuane har gjeve Påskeøya status som verdsarvstad, og trekk til seg mange vitjande. Hanga Roa og området rundt har fleire statuar, men nokre av dei største finst andre stader på øya.

Hovudgata i Hanga Roa og på øya er Avenida Atamu Tekena. Ho fekk namn etter rapanuihelten Atamu Te Kena i 1998, tidlegare hadde ho namn etter kaptein Policarpo Toro, den chilenske marineoffiseren som stod bak annekteringa.[1] Det ligg fleire hotell, restaurantar og butikkar langs vegen. I bysentrum finn ein også den katolske kyrkja og Museo Antropológico Sebastián Englert, eit museum kalla opp etter misjonæren og språkforskaren Sebastian Englert som omtalar historiske hendingar og rapanuikulturen. I byen finn ein også Cook's Bay, staden der den britiske oppdagaren James Cook kom i land i 1774.

Den einaste hamna på øya ligg i Hanga Roa. Ho er base for ein liten fiskarflåte, og har elles fraktsamband med Valparaíso.

Øya har ein flyplass, Mataveri internasjonale lufthamn, der det nasjonale chilenske flyselskapet LAN Airlines har flysamband med Santiago, Papeete og Lima.


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steven R Fischer (2005), The island at the end of the world, Reaktion Books, ISBN 1-86189-282-9 page 248 Check |isbn= value: invalid character (hjelp) 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hanga Roa