Hannibal Sehested

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hannibal Sehested
Hannibal Sehested Danish politician of the 16th hundreds.jpg
Hannibal Sehested
Frå J P Trap : Berømte danske mænd og kvinder.
Fødd1609
Arensborg på Øsel
Død23. september 1666
Statsborgar avdansk
Utdanna vedSorø Akademis Kostskole
FarClaus Maltesen Sehested
EktefelleChristiane Sehested
BarnJens Steen Sehested, Christiane Sophie Sehested
VervStatthaldar i Noreg 1642-1651
FøregangarChristoffer Urne
EtterfylgjarGregers Krabbe

Hannibal Sehested (160923. september 1666) i Paris) var statthaldar i Noreg og rigsskatmester i Danmark (tilsvarande finansminister).

Sehested gifta seg med dottera til kong Kristian IV av Danmark-Noreg og Kirsten Munk, Christiane, den 6. november 1642. Allereie i 1636 vart han forlova med den då ti år gamle kongsdottera. Han gifta seg med henne kort tid etter utnemninga si til statthaldar i Noreg i 1642.

Sehested var ein gåverik «renessanseperson», dristig og maktlysten som politikar. Samstundes syrgde han for å skaffa seg pengar og status. Han fekk mest innverknad i Noreg. I fredstid gjorde han stort organisatorisk arbeid for å fremja næringslivet og forbetra styringsverket. Mellom anna er Sehested rekna som grunnleggjar av eit norsk postvesen. Den 16. januar 1647 oppretta han faste postruter sør i Noreg.

Han prøvde å skaffa Noreg og dermed seg sjølv mest mogleg fridom i høve til Danmark. Svigerfar hans, kongen, gjekk med på mykje av dette. Sehested fekk motstand frå svogeren Corfitz Ulfeldt og det danske Riksrådet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]