Statthaldar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statthaldar (frå nedertysk Statthalter, 'stadfortredar') er ei nemning på ein person som styrer eit større område på vegne av andre. Stillinga har hatt ulike tydingar gjennom tidene. I mellomalderen blei statthaldarar utnemnde av føydalherskarar som ikkje kunne styra direkte, gjerne på grunn av geografisk avstand. Statthaldaren hadde meir makt enn ein guvernør, men hadde ikkje krav på landområdet.

Noreg opplevde statthaldar-styre under unionane med Danmark og Sverige. I Nederland utvikla det mellomalderlege embetet seg til ei slags arveleg ikkje-kongeleg tittel i den nederlandske republikken på 1700-talet.

Ordninga likner på titlar som den franske Lieutenant, den engelske Lord Lieutenant på 1400-talet, og den italienske Doge.

Nederlandske statthaldarar[endre | endre wikiteksten]

Måleri av fire generasjonar prinsar av Oranien, som alle heldt nederlanske statthaldar-embete: William I, Maurits and Fredrik Henrik, Vilhelm II og Vilhelm III. Måleri av Willem van Honthorst frå 1662.

I Nederlanda hadde herskarane over dei uavhengige provinsane gjort omfattande nytte av statthaldarar under mellomalderen. Då provinsane kom under burgundisk styre, hadde som regel kvar provins ein statthaldar. På 1500-talet kom alle provinsane først under tysk-romersk og seinare under spansk styre, og i 1581 gjorde dei opprør mot styret til Filip II av Spania, som mellom anna minka makta til statthaldarar gjennom aukande absolutisme og sentralisering. Dei sameinte Nederlanda lausreiv seg frå kongeriket, men heldt på tittelen statthaldar. Kvar medlemsstat kunne ha sin eigen statthaldar, men ofte hadde éin person stillinga i fleire statar.

I 1747, etter at Frankrike gjekk inn i Nederlanda under den austerrikske arvefølgjekrigen, tvinga folkeleg oppstand fram éin statthaldar, Vilhelm IV av Oranien, for alle provinsane. Frå 22. november det året blei embetet gjort arveleg. Det nederlandske kongehuset stammar frå desse statthaldarane.

Norsk riksstatthaldar[endre | endre wikiteksten]

Den dansk-norske kongen oppretta eit embete som riksstatthaldar for Noreg i 1572 som blei fylt, med avbrot, fram til 1771. Då krig braut ut mellom Danmark-Noreg og Storbritannia i 1807, blei stillinga oppretta igjen. Under unionen med Sverige deltok den norske statthaldaren i den norske regjeringa på vegner av svenskekongen frå 1814 til 1856.

Norske krav om at embetet måtte fjernast heilt var bakgrunnen for statthaldarstriden i 1850- og 60-åra. Stortinget innstilte om dette i 1859, men to svenske kongar nekta sanksjon. Dette gav opphav til den første alvorlege konflikten i unionen, og utløyste ei regjeringskrise i Norge. Først i 1873 blei embetet formelt oppheva i tråd med stortingsvedtaket av kong Oscar II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]