Hanoi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanoi
Hà Nội
kinesisk 河内)
by
Motto: Hà Nội, nghìn năm Thăng Long
Land  Vietnam
Del av Northern Vietnam
Høgd 5−20 m
Areal 3 346,26 km²
Folketal 6 448 837  (2009)
Folketettleik 1 875 / km²
Tidssone GMT
Postnummer 10
Retningsnummer +844
Kart
Hanoi
21°1′28″ N 105°50′28″ E
Wikimedia Commons: Hanoi

Hanoi er hovudstaden i Vietnam. Byen ligg ved Den raude elva, og har omkring 3 500 800 innbyggjarar (1997), av dei 1 320 000 innanfor bygrensene.

Hanoi er òg hovudstad for den administrative regionen Dong Bang Song Hong.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hanoi blei hovudstad i Vietnam allereie på 600-talet. Det eldre namnet Đông Kinh, som er ei forvansking frå kinesisk, blei i sin tur forvanska til Tonkin, som av europearar blei brukt om heile regionen. I 1873 blei Hanoi tatt av franskmennene. Etter 1887 blei byen hovudstad i Fransk Indokina.

Byen blei okkupert av japanske styrkar i 1940. Etter frigjeringa i 1945 blei han sete for den vietnamesiske regjeringa, som året etter blei anerkjend av Frankrike som regjering for eit autonomt Vietnam innanfor Den franske unionet. Kampane mellom den nasjonale rørsla Viet Minh og franske styrkar, etter at Frankrike likevel ikkje ville godta vietnamesisk sjølvstende, blei leidde frå Hanoi, og det var ved fleire høve harde kampar der mellom 1946 og 1954. Det året blei Vietnam anerkjent som sjølvstendig av Frankrike etter det franske militære nederlaget ved Dien Bien Phu, og Hanoi blei hovudstad i den kommunistiske staten.

Under den amerikanske Vietnamkrigen blei Hanoi bomba ei rekkje gonger, både taktisk bombing av bruer, jernbaneliner og industriområde, og såkalla strategisk teppebombing. Øydeleggingane blei normalt reparerte nesten med ein gong. I den vestlege verda var Hanoi på denne tida for mange eit symbol på kommunismen sin frammarsj, og tilhengarar av USAs intervensjon i Vietnam brukte slagordet «Bomb Hanoi» under motdemonstrasjonar då venstresida demonstrerte til støtte for den sør-vietnamesiske frigjeringsrørsla FNL.

2. juli 1976, 15 månader etter at den sørlege hovudstaden Saigon fall, blei Nord-Vietnam og Republikken Sør-Vietnam sameinte, og Hanoi blei hovudstad for Den sosialistiske republikken Vietnam.

Vietnams nasjonaluniversitet, tidlegare Universitetet i Hanoi, ligg i byen. Ein finn òg Ho Chi Minhs mausoleum, Det nasjonale historiske muséet, Revolusjonsmuséet og fleire historiske monument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hanoi