Hans A. Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans A. Meyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1865
Mo i Rana
Død

8. september 1926 (61 år)

Yrke forretningsdrivande
Far Lars A. Meyer

Hans Abraham Meyer (30. juli 18658. september 1926) var ein norsk forretningsmann frå Rana, son til Lars A. Meyer.

Hans A. Meyer arva i 1902 firmaet L.A. Meyer i Mo i Rana etter far sin og gjorde det til eitt av dei største i Nord-Noreg. Både «i skrift og tale gjekk M. sterkt inn for alt som kunne fremja økon. og kultivert liv i landsdelen. Mellom anna ivra han for Nordlandsbanen, meir vegbygging og i ein artikkel i Tidens Tegn i 1918 kom han, som den fyrste, med framlegg om «et nord-norsk akademi» i Tromsø som kunne bøte på mangelen på embets- og bestillingsmenn i Nord-Noreg. I 1905 var han med å skipe Helgeland Skogselskap og var formann i fleire år. Gjennom års innsamling la han grunnlaget for Bygdesamlinga på Mo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]