Hans Aaraas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Aaraas (fødd 1914 i Skien, død 1998) var ein norsk litteraturforskar. Han tok mag.art i 1947 og blei dr. philos. i 1960. Han var lektor i norsk ved Sorbonne i perioden 1949-1953 og lektor i Oslo frå 1956. Frå 1961 til 1986 var han professor i fransk litteratur ved Universitetet i Bergen. Han skreiv doktoravhandling om Georges Bernanos i 1959 attåt mindre studier av same forfattar. I 1982 vann han Bastianprisen for omsetjinga av Bernanos sin roman Monsieur Ouine.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kunnskapsforlagets papirleksikon (13.06.2012). "Bastianprisen". Store norske leksikon.  
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.