Hans Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Berg

Fødd25. februar 1902
Bodin kommune
Død15. august 1980 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Hans Berg (25. februar 190215. august 1980) var ein norsk fiskar, gardbrukar og politikar frå Bodin i Nordland. Han representerte Kristelig Folkeparti og Nordland fylkeStortinget i tida 1954-69.

Berg var fiskar frå 1917 til 1951, bortsett frå åra 1920-22, då han gjekk Nordland landbruksskule, og året 1922-23, då han var dreng på prestegarden i Hamarøy. Frå 1927 dreiv han også garden Rønvik i dåverande Bodin herad. Han var klokkar i Bodin kyrkje frå 1947 til 1965.

Berg var medlem i Bodin heradsstyre frå 1936, til det vart avvikla av okkupasjonsmakta i 1941. Frå 1945 til 1967 var han på ny med i heradsstyret i Bodin, både som ordinær medlem, formannskapsmedlem og perioden 1952-55 som ordførar.

Hausten 1953 vart Berg vald til stortingsrepresentant frå Nordland. Med attval i 1957, 1961 og 1965 representerte han Kristeleg Folkeparti på Tinget i seksten år. Dei tolv fyrste åra var han medlem i Kommunalkomiteen, dei fire siste i Samferdslekomiteen. I tida 1963-69 var han elles landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti, og åra 1965-74 medlem av hovudstyret i Det norske lutherske indremisjonsselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]