Hans Enn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Enn
Hans Enn Zagreb 2009.jpg
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 10. mai 1958
Saalbach-Hinterglemm
Idrett alpint
Yrke alpinist

Hans Enn (fødd 10. mai 1958) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Hinterglemm i forbundslandet Salzburg som var ein av verdas beste storslalåmrennarar i fyrste halvparten av 1980-åra.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Enn deltok i verdscupen i alpine greiner frå 1976 til 1989. Mellom 26. januar 1980 og 15. januar 1985 gjekk han til topps i seks verdscuprenn i seks ulike land, men aldri i heimlandet. Han sigra fem gongar i storslalåm og ein gong i super-G. I tillegg la han beslag på ni andreplassar og sju tredjeplassar.

Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid tok Enn bronsemedaljen i storslalåm og kom på fjerdeplass i slalåm. Elles vart han nummer fem i storslalåm i alpin-VM 1985, og nummer seks i same øvinga både i VM 1978 og VM 1982.

Etter han la konkurranseskia på hylla opna Enn hotell på heimstaden og har elles arbeidd for skiutstyrsfirmaet Blizzard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar