Hans Fykerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Fykerud
Fødd20. oktober 1862
Død27. oktober 1942 (80 år)
Verka sommusikar

Hans Hansson Fykerud (20. oktober 186227. oktober 1942) var ein norsk-amerikansk hardingfelespelar, bror til den meir kjende Lars Fykerud. Han var fødd og oppvaksen i Sauherad i Telemark. Fykerud kom til Vestlandet og saman med Ola Mosafinn og Sjur Helgeland spela han mellom anna for Edvard Grieg. Han heldt konsertar både i heimlandet og i USA. Han slo seg ned i USA og dreiv forretning. Han døydde under eit opphald i Noreg og vart gravlagd i Bø i Telemark.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.