Ola Mosafinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola Mosafinn (14. juli 182828. desember 1912) eller Ola Mulen, var ein spelemann frå Voss i Hordaland, rekna som den beste i sitt område på 1800-talet.

Barndom og framvokster[endre | endre wikiteksten]

Ola var som av Sjurd Brynjulvsson Liland (1792-1866), og Ingebjørg Klausdotter Mosafinn (1790-1852). Ola var det femte av borna deira. Ingebjørg var av embetsmannsætt, Miltzow-ætta frå Tyskland. Sjurd var av bondeætt frå Voss, og ein brukande spelemann. Han åtte mykje spel etter Nils Rekve og Per Kvarme, og kjende godt den gamle vossatradisjonen.

Sjølv om Sjurd Liland snart skjøna at yngste sonen var oppteken av spel, vert det fortald at han ikkje stødde mykje opp under lærnaden til Ola. Sjurd let fela ligge når Ola var inne, men Ola treiv etter fela med det same faren var gått. Arne Bjørndal fortel at Sjurd tok fram fela når han rekna med at Ola var ute, men Ola heldt seg støtt i nærleiken og saug til seg spel. Med tida var det mora Ingebjørg som flidde fela til guten og sytte for at han fekk lært handverket.

Sjurd oppdaga kva for givnad det sat i Ola ein dag han kom uforvarande heim og høyrde det let og ljoma frå stova. Ingebjørg treiv fela utor hendene på guten då faren kom, men dei kunne ikkje neitte for at det hadde vore felelåt i huset, og laut fram med heile stoda, og faren gav etter til sist.

Då Ola var sju år gamal laga han seg si eiga fele, med strenger av hestetagl, og denne var òg i høvande storleik. I seinare år tok han vare på denne taglefela som eit minne. Seinare laga han seg ei fele av ein fjøl-ende, men var huga på ei skikkeleg fele han kunne nytte sjølv. Ola gjekk mykje og sveiv i bryllaup og dansarlag i ungdomsåra, og sette seg oftast tett attmed spelemannen. Slik sat han til langt på natta, og lærte seg mykje spel på denne måten. Han høyrde Isak Rokne då han var ti, og det gjekk slik føre seg at han sneik seg inn under golvet for å lye på spelet. slik lærde han ei røys med slåttar, jamvel om Isak ikkje visste av det.

Frå Ola var tolv, vart han alt etterspurd som spelemann i gilde og lag, og med tida vann han seg ei fele til odel og eige, ved å rydde ein teig for småstein. Løna var den første fela hans.

Av andre spelemenn Ola Mosafinn lærte av i desse åra, var Nils Rekve truleg den fremste, attmed Lars Lofthus og Anders Berge.

Ola Mosafinn som skolemeistar[endre | endre wikiteksten]

Etter konfirmasjonen vart det røynt at Ola var gåverik på andre vis òg, og vart tilsett som skolemeistar i heimegrenda. Denne stillinga hadde han nokre år, men nett på denne tida stod pietismen sterkt på Voss, og folk trudde det følgde synd med hardingfela. Ola sneik seg til å spela når han hadde frie stunder, men dette vart snart åtgådd, ikkje minst av presten i bygda, som hadde gitt han stillinga. Soleis laut han gå frå posten, og hamna i skreddarlære, men spela både seint og tidleg. Etter eit år var han utlært skredder og spelemann.

Spelferder[endre | endre wikiteksten]

Ola Mosafinn tok til å reise på spelferd frå om lag 1849, og byrja med å vitja Hardanger. Han fór til Lærdalssmarknaden i 1850, og her råka han på Nils Hilme frå Valdres, son av Jørn Hilme. Desse to laut kappspela, og Nils kytte stort av bogadraget hans Ola. Ola var smøgg til å læra seg spelet hans Nils, og tok åtte slåttar på ein kveld. Nils vart ovende oppglødd over ein slik læresvein. Elles kunne Nils hekse med fela si, men Ola ville ikkje ta etter han i dette, vert det fortald.

Då Ola kom attende til Voss, råka han på Adolph Tidemand og Knut Bergslien, og laut spela for desse kunstnarane ein heil kveld. Dette var midt i den norske nasjonale framvoksteren, og interessa for felespel var stor. I seinare år spela han for både Ole Bull og Edvard Grieg.

Då Ola Mosafinn var om lag 31 år, lærde han seg notar, og slik kunne han skaffe seg greie på endå meire spel. Første gongen han for austetter, var i 1860, med skreppa full av varer, og fela på aksla. Han nådde så langt som til Lillehammer første venda. Her møtte han på spelemenn frå Gudbrandsdalen, og han tok vegen nordetter gjennom Gausdal etter Lillehammer. Herifrå gjekk han over fjellet til Tynset, handla og spela, men vart sjuk då han kom attende til Lillehammer etter denne ferda. Dette leita hardt på reisekassa hans, og han kom seg snautt attende til Voss med det vesle han hadde att, tre dalar.

Møte med Kronprins Oskar[endre | endre wikiteksten]

Oskar, seinare Oskar II, vitja Voss i 1872, og Ola Mosafinn laut frampå og spela for han. Det vart mykje åtgaum i høve denne gjesten. Dei laut mellom anna stelle i stand eit Vossabrudlaup etter gamal skikk. Ola gjekk fremst i brureferda. Det vart dansa springar og halling, og kronprinsen baud på Champagne i sølvstaup, vert det fortald.

Seinare reiste Ola attende til Hardanger, der han møtte og spela i lag med Hans Selland, Olav Håstabø, og ei rekkje andre hardingspelemenn. Han møtte òg telemarkingen Olav Bergsland. Same sommaren møtte han Ole Bull i Bergen. Dei avtala å møtast att på Voss ei seinare vende. Mosafinn spela for Bull veka etter, og nokre år seinare, i 1879, var òg Edvard Grieg på Voss. Ola Mosafinn laut til, som ein kan tenkje seg, og spela for Grieg ein heil kveld. Edvard og kona hans, Nina Grieg, svara på konserten med å spela og syngje ved klaveret. Sistpå laut og Ole Bull frampå, og Mosafinn totte dette var storveges.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

I 1890 reiste Ola Mosafinn til USA, og spela konsertar i Chicago. Her var det mange utvandra vossingar, og Ola Mosafinn heldt stor konsert i Scandia Hall. Utom vossingane, kom det nordmenn frå alle andre kantar av landet, som hadde utvandra. Det var òg svenskar og danskar der. Konserten vart meldt som ein strålande suksess. Etter Chicago reiste Mosafinn til Minneapolis, og til andre byar i området ikring. På denne ferda tente Mosafinn mykje pengar, og lika seg godt.

Mosafinn reiste attende til Amerika i 1891, men no var han trøytt av dette, og kom attende for godt året etter. No ville han helst slå seg til ro på Voss. Han fekk seg fast bustad etter mange år på vegen, og reiste ikkje ut på nokre år.

Seinaste åra[endre | endre wikiteksten]

Siste venda han reiste ut, var til Bergen i 1906, og spela på kappleik der. Han fekk ærespremie for spelet sitt den gongen, men no tok han til å verte gamal, og heldt seg i ro dei siste åra han levde. Dei siste åra var han svært plaga av verk i underlivet, men heldt fram med å spela mest til siste leveåret. I 1910 rakk han jamvel å spela inn ein voksrull med slåttar. Då var han 82 år gamal. Siste gongen han spela ute, var i 1911, i høve eit gilde i Voss Mållag. Ola hadde stødd opp om målsaka i mange år alt.

Hausten 1912 vart Mosafinn dårleg for alvor og laut leggjast inn. Han vart ikkje frisk att etter dette, og vart lagt inn andre venda seinhaustes. Han døydde på Voss i romjula 1912.

Gravferd[endre | endre wikiteksten]

Då det vart kjend at Ola Mosafinn var daud, gjekk det tidender land og strand, og gravferda etter han er ein av dei største som er halden på Voss. Voss Mållag skipa han til. Ola hadde ikkje familie, og hadde levd einsleg all sin dag.

Seinare vart det reist eit stort minnesmerke for Ola Mosafinn på Vossevangen. Det vart laga av Brynjulf Bergslien, og vart avdekt i 1921.

Givnad og Lynne[endre | endre wikiteksten]

Arne Bjørndal, som møtte Mosafinn fleire vender, fortalde at han var svært kunnskapsrik. Han var ein ihuga avislesar, og følgde godt med på utviklinga i samtida, og han var skrivefør attåt.

«Han var i grunnen ein ikkje lite dana mann, Mosafinn, var so han vilde bry seg med det. Men han kunde nok vera baade braa og raabarka naar det barst paa det. Han var ein genial skjelm, som ein laut agta seg for. Og vit i haus og vitsar i munn hadde han alltid fullt og fritt raadvelde yver til kvar tid: ein laut kjenna honom frå botnen av. Og dei som ikkje det gjorde kom ofte til aa misrekna seg. Gaavorne hans var mange og rike, og i verk som i vendingar var han alltid like gløgg og like snøgg.» (Arne Bjørndal)

Ola Mosafinn brigda mykje på det gamle vossaspelet, men var varleg om dei gamle formene.

«Han hadde eit uvanleg næmt øyra til aa finna fram og reinska ut det mindre gode toet som hadde snike seg inn i mange av slaatarne. Og fann han noko som var fillor og fusk, reiv han det bønlaust upp med rot og rubb og stappa det so djupt i gløymsleposen at det aldri meir kom fram att. I plassen for det han soleis reiv ut, sette han inn att dei finaste smaatak, yvergangar, avskyggingar og innifyllingar. Og naar alt var soleis maka at han sjølv totte mun i det kunde jamvel den kravlausaste slaattestubben verta eit lite kunstverk.» (Arne Bjørndal).

Mosafinn var god på å utnytte verkemidla fela rådde over, og nokre av slåttane etter han syner tillaup til gode modulasjonar, meir enn det som var vanleg på fela før han.

Han vert omtala som Myllarguten for Vestlandet, og gjorde om lag det same her som Myllaren hadde gjort lenger aust. Desse to kjempene møtte einannan aldri i levande live.

Arne Bjørndal skriv at Mosafinn på mange vis var motsett Myllaren, meir finslipt i spelet, og mindre fossande og vilt. Mosafinn hadde òg ein særs utvikla bogeføring han hadde arbeidd lenge med. Han var svært sjølvkritisk og nøye på det, og stilde sameleis krav til læresveinane sine.

«Ola Mosafinn var ved sin kunst ein traust bindelekk mellom gamal og ny tid. Han hekta det som hadde vore saman med det som var i kjømd; det som no skulde vera vegbrøytaren og som maatte draga lasset vidare fram.» (Arne Bjørndal).

I standardverket Norsk Folkemusikk, elles kalla Hardingfeleverket, er det skrive ned 88 slåttar etter Ola Mosafinn. Langt dei fleste er skrivne ned av Arne Bjørndal, resten er skrivne ned av Truls Ørpen.

Sjå Slåttenedskrifter etter Ola Mosafinn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]